Gjorde om kommunen sitt vedtak

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag gjorde om eit vedtak i Molde kommune om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel, fordi vedtaket var ugyldig.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.04.2016

Saka gjeld søknad om dispensasjon frå LNF-formålet i arealdelen i kommuneplanen for frådeling til bustadformål. Kommunen innvilga søknaden, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/landbruksavdelinga påklaga vedtaket. Molde kommune tok ikkje klaga til følgje. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag vart oppnemnt som settefylkesmann. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har etter ein samla vurdering kome fram til at kommunen sitt vedtak er hefta med rettsanvendelsesfeil. Dette inneber at vedtaket er ugyldig, og blir oppheva. Saka vert difor sendt tilbake for ny behandling.

Kommunen må i ny behandling av dispensasjonssøknaden klart vise til at dei omsyn som ligg bak planen ikkje vesentleg vert tilsidesette ved dispensasjon, og konkret vurdere tiltaket opp mot statlege og regionale mål og retningsliner. Kommunen har i spesielle tilfelle høve til å gje dispensasjon, både i strid med rikspolitiske retningsliner og i strid med negativ uttale frå fagmyndigheiter, men dette krev solid grunngjevnad. Kommunen må difor vise til konkrete tilhøve på staden, som gjer at ein dispensasjon i dette tilfellet, til tross for negativ uttale (og eventuelt i strid med statlege og regionale mål) likevel kan verte gitt. Ved ny behandling må kommunen vidare vise til konkrete tilhøve i denne saka som medfører at fordelene med dispensasjon er klart større enn ulempene.

Du finn settefylkesmannen si vurdering og vedtak i brevet i høgre marg.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal tek settefylkesmannen sitt vedtak til etterretning. Vi vil samstundes oppmode alle kommunar i Møre og Romsdal til også å ta denne avgjerda til etterretning, ved å leggje større vekt på å grunngje sine vedtak i dispensasjonssaker jf. vilkåra i pbl. § 19-2 og fvl. §§ 24 og 25.