Averøy kommune – kandidat nr. 1 til nasjonal jordvernpris

Eitt av tiltaka i nasjonal jordvernstrategi var å etablere ein nasjonal jordvernpris, noko som skal bidra til å auka merksemda om jordvern. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet til å føreslå kandidatar frå Møre og Romsdal. Etter ei samla vurdering har Fylkesmannen foreslått Averøy kommune som kandidat nr. 1  og Tingvoll kommune som nr. 2.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.04.2017

Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal jordvernstrategi, som vart lagt fram for Stortinget i Prop. 127 S (2014-2015) om jordbruksoppgjeret m.m. Eit av tiltaka i jordvernstrategien er å etablere en nasjonal jordvernpris, noko Stortinget har slutta seg til. Ut frå dette har Landbruks- og matdepartementet i samråd med KS utarbeidd statuttar for ein slik pris, jf. vedlegg.

Opprettinga av ein jordvernpris er eit tiltak for å styrke jordvernet. Prisen skal bidra til å auke merksemda om jordvernet, særleg i kommunane og fylkeskommunane, og få fram gode idear og eksempel på tiltak, planar og strategiar, for å ta vare på dyrka mark. Prisen skal delast ut annakvart år til ein kommune eller fylkeskommune, og juryen vil verte leia av landbruks- og matministeren.

Målgruppa for prisen er fylkeskommunar og kommunar, som tar aktive grep i regionale planer og i kommune- og reguleringsplaner. Det kan også vere kommunar og fylkeskommunar som får gode resultat i samarbeid eller partnerskap med andre aktører gjennom planlegging, gjennomføring og praksis. Aktørene kan vere ulike partar innan offentlig politikk og forvaltning, næringsliv eller andre organisasjoner.

Prisen skal framheve og motivere til nyskapande tiltak og planer, som legg godt til rette for at kommunane i mindre grad omdisponerer dyrka mark, og finn gode alternativ i planlegginga.

Etter ei samla vurdering finn Fylkesmannen grunnlag til å foreslå Averøy kommune som kandidat nr. 1 til nasjonal jordvernpris frå Møre og Romsdal. Utdrag av grunngjevnaden er som følgjer;

«Fylkesmannen meiner at det i Averøy kommune er stor vilje både politisk og administrativt til å verdsette jordvernet høgt i arealsamanheng, noko som igjen synast ved at Fylkesmannen ikkje har fremja verken motsegn eller klage på kommunen sine vedtak sidan år 2006. Averøy vedtok ny kommuneplan arealdel 17.01.2017, ei plan som Fylkesmannen ikkje hadde motsegn til på vegne av landbruksinteressene. Denne plana vart vurdert til å ha positiv verknad med omsyn til jordvernet, då fleire område med dyrka jord og innmarksbeite som i førre kommuneplan var satt av til utbygging, no vart tilbakeført til LNFR-føremål. Averøy kommune har også laga tydelege retningsliner for dispensasjonspraksis, noko som er ei klar styrke for landbruksinteressene.»

Som kandidat nr. 2 til nasjonal jordvernpris har Fylkesmannen foreslått Tingvoll kommune. Heile brevet ligg som vedlegg i høgre meny.