Informasjonsbrev veke 3/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Oppdatert statistikk over aktiviteten i skogbruket 
  • Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 20. januar 
  • Landbrukskonferansen fredag 27. februar i Molde – påmeldingsfrist 13. februar 
Publisert 14.01.2026

Oppdatert statistikk over aktiviteten i skogbruket 

No er statistikken over aktiviteten i skogbruket oppdatert med tal for fjoråret. Her finn du kommune- og regionvise tal, samt oversikt for fylket.  

Statistikken finn du HER 

 

Kontaktperson: Odd Løset 

 

Ynskjer forslag på kandidatar til landbruket sin Inspirasjonspris – Frist 20. januar 

Møre og Romsdal Landbruksselskap deler årleg ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa. Det kan vere ein gardbrukar, ein familie eller eit fellestiltak. Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kroner. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i Molde 27. februar 

Forslag på kandidatar sendast til per.nakken@statsforvalteren.no innan 20. januar.  

 

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger 

 

Landbrukskonferansen fredag 27. februar i Molde – påmeldingsfrist 13. februar 

Statsforvaltaren arrangerer årleg ein Landbrukskonferanse i samarbeid med Møre og Romsdal Bondelag og Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.  Årets konferanse vert arrangert fredag 27. februar kl 10 - kl 16 på Scandic Alexandra i Molde. 

Programmet har mange spennande føredragshaldarar! 

Del gjerne informasjonen med landbruksnæringa i din kommune!  

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger