Informasjonsbrev veke 11/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Ny medarbeidar på seksjon landbruk 
  • HANEN Gårdsbutikkskole 24. – 25. mars i Hustadvika 
  • ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2026 – 3. Frist tysdag 24. mars 
Publisert 11.03.2026

 

Ny medarbeidar på seksjon landbruk 

Johannes Roaldset er ny rådgjevar på seksjon landbruk. Han har dei siste åra jobba med plan og byggesak i Tingvoll kommune, i tillegg til å vere gardbrukar i Torjulvågen. Johannes skal jobbe med den nye tilskotsordninga for klimarådgjeving, tilskot til drenering, gjødselbruksforskrifta og vassforvaltning. 

Med tilsetjinga av Johannes har det vorte litt endringar i arbeidsoppgåver hos andre på seksjonen. Oppdatert oversikt over kven gjer kva på seksjonen finn du her. 

 

HANEN Gårdsbutikkskole 24. – 25. mars i Hustadvika 

HANEN Gårdsbutikkskole er eit praktisk 2-dagers kurs for dei som enten driv eller ynskjer å starte ein gardsbutikk basert på eigne råvarer, lokalmat og gardsopplevingar.  

Kurset vert arrangert på Skaret i Hustadvika 24. – 25. mars.   

Del gjerne informasjonen med aktuelle i din kommune. 

Kontaktperson: Marie Teigland 

 

ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2026 – 3. Frist tysdag 24. mars 

Virkesopplysningar for periode 2026 - 3 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er tysdag 24. marsHugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.  

Kontaktperson: Åslaug Røberg