Informasjonsbrev veke 06/2026

Bildet viser logo for informasjonsbrevet
  • Frist for endeleg vedtak (attestering) av RMP- og OBB‑søknader 13. februar 
  • Ny rettleiar om kontroll frå Landbruksdirektoratet  
  • Statlege tilskot i landbruket 2026 
  • HANEN Gårdsbutikkskole 24. – 25. mars i Hustadvika 
  • Landbrukskonferansen fredag 27. februar i Molde – påmeldingsfrist 13. februar 
Publisert 04.02.2026

Frist for endeleg vedtak (attestering) av RMP- og OBB‑søknader 13. februar 

Satsane for årets søknadsomgang er no fastsett. For at søknadene skal komme med i hovudutbetalinga i februar, må dei vere endeleg godkjende (attesterte). 

Frist for attestering er innan fredag 13. februar. 

Kontaktperson: Andreas Lilleheier Aarset 

 

Ny rettleiar om kontroll frå Landbruksdirektoratet  

Landbruksdirektoratet har utarbeidd ein ny rettleiar om kontroll som no ligg tilgjengeleg på nettsidene deira. 

Rettleiaren er primært retta mot statsforvaltaren, men vil òg vere relevant for kommunane. Lenke til rettleiaren finn du her. 

Kontaktperson: Merete Daae 

 

Statlege tilskot i landbruket 2026 

Det er no sendt brev til kommunane om forvaltning av dei statlege tilskotsordningane på landbruksområdet. Det vert der informert om budsjettrammer og vilkår knytt til bruken av tilskotsmidlane i 2026. 

 

HANEN Gårdsbutikkskole 24. – 25. mars i Hustadvika 

HANEN Gårdsbutikkskole er eit praktisk 2-dagers kurs for dei som enten driv eller ynskjer å starte ein gardsbutikk basert på eigne råvarer, lokalmat og gardsopplevingar. 

Kurset vert arrangert på Skaret i Hustadvika 24. – 25. mars.  

Del gjerne informasjonen med aktuelle i din kommune. 

 

Landbrukskonferansen fredag 27. februar i Molde – påmeldingsfrist 13. februar 

Statsforvaltaren arrangerer årleg ein Landbrukskonferanse i samarbeid med Møre og Romsdal Bondelag og Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.  Årets konferanse vert arrangert fredag 27. februar kl 10 - kl 16 på Scandic Alexandra i Molde.  

No er programmet klart, med mange spennande føredragshaldarar!  

Program og påmeldingsskjema finn du her. Påmeldingsfristen er 13.02.  

Del gjerne informasjonen med landbruksnæringa i din kommune!   

Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger