Informasjonsbrev veke 15/2025

- Jordbruksstatistikk for Møre og Romsdal
- Nytt gjødselregelverk
- Kulturlandskapsprisen 2025
- Nytt Gårdskart aktuelt 1/2025 frå NIBIO
- ØKS: Godkjenne virkesopplysningar 2025 – 4, Frist onsdag 23. april
Møre og Romsdal Fylkeskommune har samanstilt statistikk for jordbruket i fylket, med fylgjande tema: areal, tilskot til jordbruksføretak, produksjon av egg, mjølk, korn og slakt, klimagassutslepp frå jordbruket og tal husdyr. Kjelder er Landbruksdirektoratet, Statistisk sentralbyrå, NIBIO, Miljødirektoratet med fleire. Per no er det ei blanding av 2023 og 2024-tal, men det er under oppdatering.
Kontaktperson: Brit Kari Eidseflot Hauger
Vi har fått ei ny forskrift om bruk av gjødsel. Den omhandlar all gjødsel, både kunstgjødsel, husdyrgjødsel og evt. anna type gjødsel (slam, biorest m.v.). Vi har skrive ein artikkel på heimesida vår som tek for seg dei mest sentrale endringane:
Kontaktperson: Per Eldar Nakken
Nominer eller REnominer: Har du ein kandidat til Kulturlandskapsprisen 2025? Nominer nokon no, og del gjerne med andre aktuelle som kjenner til gode kandidatar. Sjå meir informasjon på heimesida vår: Har du ein kandidat til kulturlandskapsprisen 2025? | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Hjelp oss på denne måten å setje fokus på alt det bra som skjer i landbruket!
Kontaktperson: Marie Teigland
Første utgåva av Gårdskart aktuelt for 2025 ligg no ute HER.
Her kan du mellom anna lese om:
-
Sjekk status i ny versjon
-
AR50 i arealrapport i Kilden
-
Testversjon 2 av Grunnkart for bruk i arealrekneskap
-
Jordbruksareal som kan vere ute av drift, 2024-data
-
Kurs: AR5 feltkurs og AR5web
Kontaktperson: Odd Løset
Virkesopplysningar for periode 2025-4 er klar for kontroll og godkjenning i kommunane. Frist for å godkjenne er onsdag 23. april. Hugs også eventuell fil med manuelt registrert virke.
Kontaktperson: Åslaug Røberg