Utbetaling produksjonstilskot for søknadsomgangen 2023

Bilete som viser storfe på beite i Molde kommune.
Storfe på beite, Molde kommune. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Ragnhild Naug Aas.

I midten av februar 2024 vart det utbetalt litt over 1,1 milliardar kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot til bøndene i Møre og Romsdal.

Publisert 21.03.2024

Basert på tala for søknadsomgangen 2023 vart det for første gong utbetalt meir enn ein milliard kroner her i fylket i produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. 2303 jordbruksføretak fekk utbetalt til saman 1 016,2 mill. kroner i produksjonstilskot og 105,6 mill. kroner i avløysartilskot. Tilsvarande tal for året før var 2319 føretak og 985 mill. kroner.

Høgast utbetaling til Hustadvika kommune

Suverent mest gjekk til bøndene i Hustadvika kommune, med totalt 160 mill. kroner. Molde er nest størst med 81 mill. kroner, tett følgt av Surnadal med 79 mill. kroner. Kor stor utbetalinga i kommunen er heng saman med kor mange bruk som er i drift og kor stort driftsomfang dei har.

Utvikling i produsentar og dyretal

Talet på mjølkeprodusentar i fylket går fortsett jamt nedover. I 2022 var det 603, i 2023 var talet redusert til 579. Talet på mjølkekyr går også nedover, men ikkje i like stor grad. Det var ca. 500 færre kyr i 2023 enn i 2022. Eit middels mjølkebruk har 31,6 mjølkekyr.

315 føretak har ammekyr. Ei middels ammekubesetning har 16 kyr. Talet på ammekyr har i fleire år stige jamt, men talet gjekk ned med 125 frå 2022 til 2023.

Talet på sauebønder held seg nokså stabilt. Det er 7 færre sauebruk i 2023, ein reduksjon frå 1010 til 1003. Talet på sau har derimot gått ned med nesten 1000, frå litt over 53 000 til litt over 52 000. Det er 52 sauer i ein middels sauebesetning, i tillegg kjem verar.

Reduksjon i kornproduksjonen

Korn er litt interessant å følgje med på. Det er totalt 70 føretak som produserer bygg på total 9050 dekar. Det var berre to som produserte kveite i tillegg, totalt 89 dekar. Så er det 14 produsentar av havre, derav to som ikkje har byggproduksjon i tillegg, og totalt 1129 dekar. Totalt er det dermed 72 kornprodusentar og 10 268 dekar kornareal. Det er 3 færre produsentar og ca. 900 dekar mindre enn året før. I eit matforsyningsperspektiv er korn den viktigaste energikjelda, og her i fylket er talet på kornprodusentar redusert med 44 % siste 10 åra og kornarealet er redusert med 38 % i same periode.

 

Kontaktpersonar