Statistikk kommunar og fylker

Rekneark som viser status og utviklingstrekk over tid for både fylker og kommunar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.09.2022

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har stilt til rådvelde eit rekneark som vi kan nytte for å finne tal for ulike produksjonar, utviklingstrekk i utvalde produksjonar, samanlikne med andre kommunar eller fylker eller landet for øvrig. Vi håpar dette arket blir oppdatert framover og vil ta sikte på å fornye den fila som ligg her etter kvart som nye versjonar kjem til.

Det kan kanskje sjå litt overveldande og uoversiktleg ut heilt med det same, men det går ikkje an å gjere skade på reknearket eller talgrunnlaget.

Reknearket finn du under 'dokument' i høgre margen.