Landbruket i Møre og Romsdal – utvikling siste 20 år

Kyr på beite i Sunndalen, Sykkylven kommune
Kyr på beite i Sunndalen, Sykkylven kommune Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Som del av arbeidet med ny fylkesstrategi for landbruket i Møre og Romsdal har Statsforvaltaren utarbeidd eit statistikkgrunnlag. Det viser nivå og utvikling for ein del sentrale produksjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2021

Møre og Romsdal har nokså varierande del av landet sitt produksjonsvolum. Vi er relativt små når det gjeld areal for korn og grønsaker, medan vi er relativt store når det gjeld mjølk og grovfôrareal. Det er ein nedadgåande trend for både tal føretak (søkjarar om produksjonstilskot), for jordbruksareal totalt og for grovfôrareal.

Dette statistikkgrunnlaget viser også fordeling av kor store buskapene er. Det er tydeleg at det er flest små buskaper sjølv om det særleg for kumjølkproduksjon har blitt ein del store buskaper dei siste åra.

Dokumentet viser også omdisponering av dyrka mark samt hogst og hogstpotensiale i skogbruket.