Kommunevis utvikling i jordbruket

Vi har laga ein tabell som viser nokre utvalde tal for jordbruksproduksjonen i kvar kommune for åra 2000, 2010 og 2020.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.03.2022

Det kan av og til vere nyttig å få fram tal på korleis utviklinga har vore over tid, både for kvar enkelt kommune, for fylket og for landet. I tabellen som viser kommunevis utvikling for kvart av åra 2000, 2010 og 2020, blir det presentert kor mange mjølkekyr, kor mange ammekyr, kor mange sauer, kor mykje jordbruksareal i drift og kor mange føretak som søkte produksjonstilskot. Tabellen har også tal for Møre og Romsdal og for landet.

Det er verdt å merke seg at alle kommunar i tabellen, samt fylket, er slik kommunane og fylket er no pr. 2022. Det betyr t.d. at tala for Molde kommune i 2000 inkluderer det som i 2000 var både Molde, Midsund og Nesset. Det betyr òg at tala for Møre og Romsdal for 2000 ikkje har med kommunane Rindal og Halsa, men at Hornindal er med.