Nyttig feltkurs om klassifisering av arealtilstand

Tilstanden på jordbruksareal er viktig for fleire brukargrupper, og kommunen har ansvaret for å holde kartet ved like.  Engasjerte og kunnskapshungrige saksbehandlarar frå 13 kommunar deltok på feltkurs om klassifisering av arealtilstand i Vestnes 13. juni.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.06.2019

Hovedbudskap

Anja Pangård Ahlstrøm og Gisle Buene arbeider til dagleg med AR5 hos NIBIO. Dei kom med nokre klare meldingar i løpet av kurset, som kan oppsummerast i nokre hovedpunkt.

  • Vurder tilstanden til arealet – ikkje bruken
  • Vurder tilstanden slik den er no – ikkje korleis den kan bli
  • Bruk jordborr for å skilje fulldyrka frå overflatedyrka
  • Fulldyrka – sjekk pløyedjupne, og sjekk mot det gamle Økonomisk kartverk
  • Overlatedyrka – sjekk om arealet kan haustast maskinelt
  • Innmarksbeite – sjekk om arealet har minst 50 % grasartar eller beitetålande urter. Bruk gjerne beitefloraen.
  • Arealtilstanden er uavhengig av eigedomsgrensene

Innhald

Kurset inneheldt ein teoridel og ein praktisk del. I teoridelen gjekk NIBIO gjennom reglane for klassifisering, illustrert med bildeeksempel frå forskjellige situasjonar i terrenget.

I den praktiske delen fekk deltakarane først øve seg i å tolke ortofoto (målestokkriktige flybilde). Etterpå vart det gjort synfaring i terrenget på dei same areala, og kursdeltakarane øvde i å vurdere tilstanden i terrenget.  Innmarksbeite er stadig eit vanskeleg område.

Kva er AR5

AR5 er eit kartlag med informasjon om arealressursane i landet med tilstanden ressursane er i. Femtalet indikerer målestokken 1:5000.

Historikk

Arbeidet med kartlegging av arealressursane starta på sekstitalet. Då vart areala undersøkte med jordborr – eit stort og omfattande arbeid. Grunneigarane la ut kvitmåla plater over bytesteinane, og landskapet vart fotografert frå fly. Resultatet av den omfattande kartlegginga vart teikna inn på kart i målestokken 1:5000 – Økonomisk kartverk (ØK). Karta viste m.a. fulldyrka, overflatedyrka jord, innmarksbeite, skog, skogbonitet, tresetting, kva areal som eigna seg til å dyrke, myr, fastmark, steinmengde, osv. Dei gamle karta er framleis ei stor og god kjelde til kunnskap om arealtilstanden.

Digitalisering og ansvar

Tidleg på totusentalet starta eit stort arbeid med å digitalisere gardskarta. Det vart teke nye flybilde, karta vart teikna digitalt, og vi gjekk gjennom ein prosess der kommunane og grunneigarane gav tilbakemelding om kvaliteten på arbeidet. Til slutt danna alle tilbakemeldingane grunnlaget for oppretting, og vi fekk eit godt digitalt kart, som vart tilgjengeleg i ei kartløysing på internett. No vert AR5 halde ved like kontinuerleg, og med jamne mellomrom vert landskapet fotografert på nytt, for å fange opp endringar, som ikkje har blitt oppdaga i det daglege.

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er vårt nasjonale fagorgan på m.a. kart. Dei utvikla kartløysinga, og står for det faglege innhaldet i arbeid med AR5 og opplæring. Fylkesmannen koordinerer arbeidet regionalt, og kommunane har ansvaret for vedlikehald av m.a. AR5, men også fleire andre kartlag, t.d. eigedomsgrenser, avløp og bygg. Arbeidet med kart involverer også andre etatar, slik som Vegvesenet, Telenor og sjølvsagt Statens kartverk.

Kvifor AR5

Korrekte kart over arealtilstand er særleg viktig for dei som driv jordbruksproduksjon, fordi tilskot til areal vert utmålt på grunnlag av kartet. Landbruksforvaltninga i kommunane brukar også kartet som kontrollgrunnlag i si saksbehandling. Slik kan feil i kartet ha direkte følgjer for økonomien for bonden.

Kart vert også brukt av ulike etatar til planlegging, slik som kommuneplanlegging, bygging av vegar, reguleringsplanar og liknande. Planlegging av vegar er eksempel på inngrep som kan føre til store tap av jordbruksareal.

Varsle om endringar

Ta kontakt med kommunen. Grunneigarar, men også andre bør varsle kommunen om endringar i terrenget, som fører til endringar i kartet. På den måten kan vi alle bidra til eit oppdatert kart. Så er det viktig å undersøke om inngrep i landskapet kan vere søknadspliktige. Vanleg aktsemd er å undersøke grundig, før tiltak vert sette i verk.

Årsaker til endringar som krev oppdatering av kartet kan mellom anna vere:

  • Nedbygging
  • Nytt jordbruksareal
  • Tilplanting
  • Attgroing
  • Forsumping
  • Oppgrusing av jordbruksareal
  • Feil i datasettet

Om NIBIO

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, kart, arealbruk, genressursar, skog, føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.