Ny kartløysing for gardskart

Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lanserte 14. juni 2018 ny løysing for gardskart på internett. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2018

NIBIO skriv på nettsida si, at der er fleire hyheiter i den nye løysinga, som er programmert frå botnen av. Årsaka til at løysinga er programmert på nytt, er at den gamle løysinga ikkje kunne tilpassast mobil og nettbrett.

Kartløysinga gardskart på internett frå NIBIO fungerer no også på nettbrett og mobiltelefon, eit nyttig verktøy for næringsutøvarar og forvaltning. Foto: Arnold Hoddevik

Nytt er også betre måle- og teikneverktøy og måten data blir tekne vare på til ditt neste besøk.

Du kan også teikne inn ulike tiltak i kartet, og du kan søkje etter gards- og bruksnummer, ved å klikke på driftssenteret i kartet.

Les meir om den nye kartløysinga hos NIBIO.NO, jf link vedlagt.

Gardskart på internett er skreddarsydd for forvaltning og eigarar og leigarar av landbrukseigedomar, men også andre kan bruke kartløysinga frå NIBIO.

Kontaktpersonar