Veksande tømmerpris, men nedgang i tømmerhogsten
Tømmerprisen held fram med å auke, og gjennomsnittleg pris for alt tømmer levert i juni var på 920 kroner per kubikkmeter. Mengde innmålt tømmer første halvår i 2025 er noko lågare enn i 2024.
Tømmerpris
Tømmerprisen følgjer verdsmarknaden og har auka mykje siste året. I juni i fjor fekk ein skogeigar i gjennomsnitt 646 kroner per kubikkmeter, medan tilsvarande for juni i år er 920 kroner. Det gir ein prisauke på 42 % siste året. Denne gjennomsnittsprisen omfattar alt tømmer, uavhengig av treslag og kvalitet. Tømmerprisen vert påverka av mange forhold i verda, mellom anna krig og skogskader. Vidare har svak norsk krone auka aktualiteten for eksport.
Nedgang i innmålt tømmer i Møre og Romsdal
Trass aukande tømmerpris har mengda innmålt tømmer gått litt ned første halvår 2025 i høve til fjoråret. Nedgangen er prosentvis størst på Sunnmøre, men gjeld heile fylket. Det kan skuldast fleire forhold som tilgang til maskiner og driftstilhøve. Den mest tilgjengelege skogen vil bli avverka først, og manglande vegdekning og lunneplassar krev tid å få på plass. Molde kommune har i år hatt størst avverking fram til no. Det skuldast i hovudsak ein ny skogsbilveg.
Det er hogd relativt mykje ung granskog i fylket dei siste ti åra. Mykje av skogreisingsskogen er framleis i perioden med størst tilvekst. Med tanke på verdiproduksjon og CO2-binding, er det uheldig å avverke før tilveksten er avtakende. Å vente med hogst av slik skog er eit fornuftig val.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08