Skogsamling på Åndalsnes

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal arrangerte skogsamling for kommunalt tilsette på Åndalsnes 25.–26. februar. Hovudtema for samlinga var veg, vatn, stormskadar og skogbruk i eit klima i endring.

Publisert 06.03.2026

Kommunane fekk informasjon om nye føringar og budsjettmidlar, og det var fleire faglege innlegg om aktuelle utfordringar og utviklingstrekk i skogbruket. Også andre aktørar i skognæringa i fylket var inviterte, og over 40 personar deltok.

Utvalde faglege innlegg

Tømmermarknaden

Blant innlegga var ei orientering om tømmermarknaden i Sverige og globalt. Tømmerprisane og industrien er sterkt påverka av internasjonale forhold. I Sverige er prisane på skogeigedomar direkte knytte til ståande volum, og verdiane fell gradvis frå sør til nord.

Klimasmart skogbruk

Professor Sjur Baardsen frå NMBU presenterte ein forskingsrapport om klimasmart skogbruk. Rapporten viser ulike tiltak og tilpassingar som kan gjere skogbruket meir robust i møte med klimaendringar.

Rapporten ligg i Nasjonalt vitenarkiv: Klimasmart skogbruk i Norge – Balansering av klimatiltak, klimatilpasning og skoglige økosystemtjenester

Status for skogbruket i fylket

Statsforvaltaren gjekk gjennom skogbruksaktiviteten i Møre og Romsdal i 2025. Fjoråret var prega av høge tømmerprisar og stor planteaktivitet.

Les meir i artikkelen Skogåret 2025 i Møre og Romsdal.

JOB:U-prosjektet

Skogselskapet informerte om rekrutteringsprosjektet JOB:U, som gir ungdom mellom 16 og 25 år sommarjobb og opplæring i skogsarbeid. Prosjektet blir òg gjennomført i fylket i 2026.

Meir informasjon finn du på Skogselskapet si side Rekrutteringsprosjektet JOB:U.

Erfaringar etter stormen Amy

Skogskadane etter stormen Amy blei diskutert. Deltakarane tok opp kva som kan gjerast betre neste gong, og om meir samarbeid mellom aktørane ville vere nyttig.

Planteaktivitet og skogfond

Statsforvaltaren orienterte om moglegheitene for auka planteaktivitet og meir aktiv bruk av skogfond.

Sjå Landbruksdirektoratet si side Ordninger for skogbruk for meir informasjon om skogfond.

Statsforvaltaren arrangerer årleg skogsamling for skogforvaltning og skognæring i Møre og Romsdal. Samlinga fungerer som ein møteplass for aktørar som arbeider med skogbruk i fylket, både fagleg og sosialt.

Kontaktpersonar