Skogåret 2025 i Møre og Romsdal
2025 vart eit meir hektisk år mot slutten enn mange hadde føresett. Stormen Amy kom 4. oktober og førte til omfattande vindfall – tilsvarande om lag eit års avverking – hovudsakleg i kommunane Molde, Gjemnes, Rauma, Sunndal, Tingvoll og Surnadal.
Tømmerprisar og volum
Prisutviklinga har vore stigande dei siste åra, men det ser no ut til at toppen er nådd. Saman med redusert betaling for vindfelt virke har prisane gått noko ned, men ligg framleis godt over nivået i 2024. I 2025 har det vore historisk høge prisar
- Sagtømmerpris for gran: stundom over 1 200 kr/m³
- Massevirke gran: topp kring 630 kr/m³
Totalt vart det innmålt 303 009 m³ tømmer i 2025 – det tredje høgaste sidan granhogsten for alvor tok til, men om lag 2 % ned frå 2024 (309 000 m³).
- Gran utgjorde 92 % av alt omsett virke (279 766 m³).
- Fyrstehandsverdi: 270,6 mill. kr, opp ca. 70 mill. frå 2024.
- Snittpris: rekordhøge 894 kr/m³, 246 kr/m³ høgare enn i 2024.
Skogsvegar og tilskot
I 2025 vart det ferdigmeldt:
- 16,3 km skogsbilveg (4,74 km nyanlegg, 11,61 km ombygging)
- 1,5 km ny traktorveg og 1,2 km ombygd traktorveg
Samla investeringar i veg: 20,3 mill. kr, der 9,64 mill. kr er tilskot.
Tilskot totalt løyvd i 2025:
- Skogsvegar: 11,36 mill. kr
- Driftstilskot: 1,66 mill. kr (lågare enn tidlegare grunna prioritering av veg i stormramma kommunar).
Landbruksdirektoratet reagerte raskt og kom i november med 4 mill. kr i ekstraordinære midlar til vegbygging og drift etter stormen. For 2026 er ramma 10 mill. kr, inkl. 2 mill. kr øyremerkt hogst av vindfall furu.
Aukande planteaktivitet
Det blei planta over 6000 dekar i Møre og Romsdal i 2025. Ein må attende til 1997 for å finne tilsvarande tal. Auka planting skuldast naturleg nok auka hogst dei siste åra, men og betre oppfølging frå kommunar og skogaktørane. Betre tømmerprisar aukar og motivasjonen for å få opp att ny skog. Arealet som er hogd er ikkje eksakt kjent, men overslag tyder på at det ikkje er store avvik mellom planta og avverka areal i 2025.
Det blei gjennomført ungskogpleie på litt over 3000 dekar. Behovet er langt større for å sikre god kvalitet på investeringane som er gjort ved planting. Med optimal skjøtsel bør ein gjerne inn med ungskogpleie ein og halv gong per omløp. Ut frå planta areal i fjor burde det då vore gjennomført ungskogpleie på 9000 dekar. Det er generelt høge tilskot til dette arbeidet, og resten kan dekkjast med skogfond. For å auke aktiviteten innan ungskogpleie ser ein god effekt av at skogkyndige personar deltek på felles synfaring med skogeigar. Kommunen vil og kunne gje tilsvarande faglege råd.
Kontaktpersonar
-
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07 -
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08