Skogåret 2022 - nesten dobling av planta areal

Tett granskog. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

I 2022 blei det planta nesten dobbelt så mykje skog som året før. Etter utfordringar med arbeidskraft under koronapandemien, auka endeleg tal utsette planter mykje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2023

Plantinga har ikkje følgt auken i hogst dei siste åra. Men i 2022 blei det planta nesten 5 700 daa, medan det året før var i underkant av 3 000 daa.

God haust for planting

– Så mykje er det ikkje planta sidan 1997. Ein haust med gode forhold for planting verka også positivt. Vi veit ikkje sikkert kor mykje areal som er hogd, men planta areal i 2022 er nok ikkje langt unna hogstarealet for året, seier Odd Løset, fylkesskogmeister og fagleiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Han fortel at fylket har mange utfordringar knytt til å få opp att ny skog av god kvalitet.

– Gransnutebille, konkurrerande vegetasjon og hjort gjer dette vanskeleg. Dei siste åra har det vore stort fokus på planting, og skogeigar pliktar som kjent å få opp ny skog etter hogst. Det er framleis ein del «etterslep» som bør plantast til, seier Løset.

Hjelpevinsjar er til god nytte

Allskog, Nortømmer og Fjordtømmer har til saman hatt mellom 8 og 12 maskinlag som hogg tømmer i fylket.

– Auka bruk av ulike hjelpevinsjar har gjort at ein no kan ta ut delar av skogen med vanleg skogsmaskin der det tidlegare blei nytta taubane. Hjelpevinsjane fører til mindre bruk av gravemaskin og auka sikkerheit for maskinførar. Vidare gir det mindre sporskadar og fare for erosjon.

 Vital granplante.
Vital granplante. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

God pris på tømmer i 2022

Det blei avverka 263 000 m3 i 2022.

– Det er litt mindre enn føregåande år, men likevel var tømmerverdien nesten 25 prosent høgare. Samla verdi på tømmer til sal var på til saman 140 millionar kroner, seier Løset.

Grantømmeret auka med omlag 130 kroner i snittpris frå 2021. Grana stod for 88 prosent av omsett volum.

– Det har vore positiv prisutvikling på både gran og furu. Furuhogsten har ikkje vore høgare på ti år, og blei litt over 30 000 m3 i 2022.

Stort behov for ungskogpleie

Det blei utført ungskogpleie på 2 833 daa i 2022.

– Dette er ein auke frå føregåande år, men behovet er langt større. Litt over 500 daa er markbereida for å lage gode spirevilkår til ny furu, fortel Løset. 

Nye skogsvegar

I 2022 vart om lag 3,5 km bilveg nybygd, drygt 5 km ombygd og 1,9 km traktorveg blei ferdigmeldt. Den samla investeringa var på om lag 9,3 millionar.

– Vi har utbetalt driftstilskot på til saman 1,49 millionar til drift av 40 500 m3 i bratt terreng, nokre få taubanefelt og langtransport av tømmer. 

Kartlegg skog og miljø

Fire kommunar er i gong med å kartlegge skogressursar og miljøverdiar.

– Utgreiing av kvalitet og omfang av tidlegare miljøregistreringar, fører oftast til eit krav om å kartlegge på nytt. Oppdaterte miljøregistreringar er eit krav for å omsetje tømmer, og registreringa er avgjerande for å drive eit berekraftig skogbruk, seier Odd Løset.