Opprydding av stormfelt skog etter Amy - tilskotsmidlar
Stormen Amy førte til mykje stormfelt skog. Møre og Romsdal var det fylket som blei hardast råka. Mengda nedblåst tømmer er oppjustert fleire gonger, og siste overslag er kring 300 000 kubikk. Det er om lag normalt årleg hogstvolum i Møre og Romsdal. Oppryddinga er no i gong, med behov for ekstraordinært driftstilskot til uttak av vindfelt furu og tilskotsmidlar til veg.
Krevjande og farleg opprydding
Opprydding av stormfelt skog er farleg og meir arbeidskrevjande enn hogst av ståande skog. Rotvelter, stammebrekk og tre på kryss og tvers gjer det utfordrande. Vindfelte tre ligg tilfeldig plassert og ikkje nær eksisterande vegnett. Statsforvaltarane i Trøndelag og Møre og Romsdal har difor i dialog med Landbruksdirektoratet arbeidd med å få på plass økonomiske verkemiddel for å få ut mest mogleg stormfelt skog. Oppryddinga er viktig for å ta ut tømmerressursane, men og avgjerande for å oppretthalde skogproduksjonen på dei aktuelle areala.
Ekstraordinært driftstilskot
Det vert innført eit ekstraordinært tilskot til opprydding av vindfall av furu. Uttak av furu har høgare driftskostnader på grunn mindre volum per areal, og gir med det dårlegare driftsnetto til skogeigar. Vidare er prisen på furutømmer noko lågare enn gran. Tilskotet vil bli 85 % av den delen av driftskostnaden som overstig 445 kroner per kubikkmeter. Tilskotet er avgrensa til maksimalt 100 kroner per kubikkmeter. Tilskotet gjeld berre uttak av nedblåst virke. Minste tilskot som vert utbetalt må i sum bli over 4 000 kroner. Mottakar av tilskotet må dokumentere reelle driftskostnader og innmålt tømmervolum. Det vil bli utarbeidd eit eige søknadsskjema og kommunane vil forvalte ordninga. Søknad om tilskot skal vere framsett og godkjent før drifta vert igangsett, men det er opna for at drifter som er i gong før ordninga blir verksam kan få tilskot. Ordninga vil truleg bli verksam tidleg i 2026.
Ekstra tilskotsmidlar til veg
Mykje stormfelt skog ligg vanskeleg til og langt frå eksisterande infrastruktur. Det gir auka behov for vegar og mindre tiltak som opparbeiding av lunneplassar. Behovet for tilskotsmidlar til slike tiltak er signalisert til Landbruksdirektoratet. Direktoratet løyvde allereie i november to millionar kroner i ekstra tilskotsmidler til Møre og Romsdal til bygging av skogsvegar med prioritet for uttak av stormfelt skog. Desse midlane er allereie løyvd til aktuelle tiltak. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har vidare rapportert om ytterlegare behov i 2026, utan at det per no er løyvd midlar. Vegbygging krev planlegging og sakshandsaming som tek tid og behovet vil difor auke i tida framover.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08