La saga stå etter uvêret «Amy»

Uveret «Amy» har herja i Møre og Romsdal i helga. Fleire stader er det store skadar, og mange tre har blåse ned, heilt eller delvis. Statsforvaltaren oppmodar om å la saga stå.
Publisert 06.10.2025
Ein god del vindfelte tre ligg i spenn, og kan vere farlege å rydde bort. Opprydding av vindfelte tre bør gjerast av folk med lang erfaring og kompetanse på vindfallhogst.
Mindre tre som ligg over vegen kan det vere nødvendig å fjerne, men vi ber alle om å vere svært forsiktige under slikt arbeid.
Ikkje klatre over vindfelte tre
Skogen er ustabil, og det kan vere lause greiner som enno ikkje har falle ned.
Har du vindfelte tre på eigedomen din?
Ta kontakt med kommunal skogbrukssjef eller ein profesjonell aktør innan tømmerhogst.
Kontaktpersonar
-
Åsmund Asper
Tlf: 71 25 84 07