Kystskogkonferanse med statsrådbesøk

– Vi har eit godt regionalt næringsliv innan tre. Det merkelege er at trea vi foredlar som regel ikkje kjem frå vestlandsk skog. Ofte ikkje eingong frå norsk skog. Vi må sjå høve til å foredle tømmeret vi produserer her i fylket. Ein slik bruk av råstoff er klimavenleg, kortreist og gir moglegheit for ombruk og lokal verdiskaping, seier statsforvaltar Else-May Norderhus.

Publisert 08.09.2022

Lokal verdiskaping og skogen si viktige rolle i det grøne skiftet er tema når Møre og Romsdal er vertskap for Kystskogkonferansen 2022, 12.-13. september. 

Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. I fylket har både møblar, skip, dører og vindu vorte produsert – med tre som råstoff. 

Statsforvaltaren i Møre- og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og skognæringsforumet i fylket vil som vertskap for Kystskogkonferansen rette merksemda mot foredling og verdiskaping av eigne råvarer.

Gode råvarer og ombruk

– For å auke bruken av tre i bygg, er det trong om råvarer av god kvalitet. Møre og Romsdal er voksande som skogfylke og kan vere stabil leverandør av tømmer i framtida. I tillegg må vi verte flinkare til ombruk og gjenvinning av material, fortel fylkesordførar i Møre og Romsdal Tove-Lise Torve (Ap).

Konferansen handlar også om skogbruket sin plass i sirkulærøkonomien der innovasjon og nyskaping er ein viktig faktor.

– Lang levetid for alle slags produkt er eit sentralt prinsipp for sirkulærøkonomien. Byggenæringa er ein viktig lekk i verdikjeda for tre, frå tømmer til ferdig bygg. Her er det eit potensial for å kutte utslepp ved å verte betre på ombruk, gjenbruk og resirkulering av material. Men god infrastruktur er heilt avgjerande for økonomien i næringa. Rasjonell transport er avgjerande for økonomien til både skogeigar og industri. I tillegg må Co2-utsleppa reduserast, og karbonbindinga må aukast med produktive treslag, sier Håkon Johan Eliassen frå Møre og Romsdal Skognæringsforum. 

Kystskogbruket

Kystskogbruket er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, statsforvaltarane og skog- og trenæringa i kystfylka frå Agder til Finnmark. Vi skal bidra til å løyse ut potensialet i skog- og trenæringa langs kysten.  

Kystskogkonferansen 

Konferansen vert arrangert årlig i eit fylke langs kysten. Deltakarar er politikarar, næringsliv og andre samfunnsaktører som ynskjer å høyre meir om skognæringa sitt potensiale i det grøne skiftet og delta i å utvikle næringa. 

Årets konferanse finn stad i Rauma og Molde. 

12.9 vitjar vi først Måndalen trevare AS – deretter prosjektet på Åndalsnes med den einaste tømmerkaia i landet som ligg nær jernbane - og til slutt Eggen restaurant.

13.9 held konferansen fram på hotell Scandic Alexandra i Molde. Statsråd Sandra Borch opnar programmet den andre dagen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.