Kva skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag?

Bilde frå Sunnmøre. Vi ser vei, gran og fjell
Felles samling om dokumentasjon og sertifisering for Norske bygdesager og Norske trevarer i Loen. Foto: Norske bygdesager Foto: ScanstockPhoto.

I dag ser vi at grana som vart planta på 50-talet har vokse til flotte dimensjonar i dei produktive liene på Vestlandet.

Publisert 15.03.2023

Grana blei planta med store offentlege tilskot. Produksjonsevna til grana er formidabel. Vestlandsgrana si tilvekst går austlandsgrana ein høg gong! Tømmeret som vert hogd eksporterast i stor grad. Råtømmeret blir selt til land i Europa. Større norske sagbruk ligg langt unna, og transportkostnaden blir rekna som for høg.

Men kan dei små sagbruka nytte meir av det norske tømmeret? Dei finst det fleire av langs heile Vestlandskysten. Eigentleg over heile landet.

Instagram og marknad

Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene. I tillegg er det også fleire som ikkje har medlemskap i foreininga. Kan desse sagene nytte meir av det norske tømmeret? Kva skal til for at dei kan nå ein større marknad med sine produkt? Korleis kan ein bidra til å støtte opp om desse?

Desse spørsmåla har Tredrivaren i Møre og Romsdal diskutert med Norsk Bygdesagforening, Norske trevarer, Kystskogbruket og Statsforvaltaren i Vestland. Diskusjonane leda fram til nokre idear for korleis bygdesagene sin aktivitet og produksjon kan bli endå meir synleg og tilgjengeleg.

Med midlar frå statsforvaltargruppa i Kystskogbruket, fekk vi skreddarsydd eit kurs i korleis Instagram kan nyttast som kanal for marknadsføring og sal for bygdesager. Kurset i november 2022 hadde omkring 50 påmelde frå heile landet. Her var både sager og trevarebedrifter.

Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsageneNorsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene Foto: Norsk Bygdesagforening har omlag 250 medlemsbedrifter og er foreininga for dei norske spesialsagene

Kjelde: https://www.google.com/maps/d/viewer?mid=1eV5j0n-xeS9TUBuXUCvQtdoL8OE&ll=64.63028051772233%2C17.545608199999997&z=4

Dokumentasjon og sertifisering

Nokre av desse verksemdene vil også dra nytte av å kunne dokumentere både produktkvalitet og miljøutslepp i verksemda og produksjonen.

Med midlar frå Statsforvaltargruppa, og støtte frå Kystskogbruket, hadde Norsk bygdesagforening og Norske trevarar ei samling om dokumentasjon og sertifisering i Loen i februar. Der fekk deltakarane ei oversikt over dei mest aktuelle sertifiseringsordningane og dokumentasjonskrava som kan kome til å ha betydning for å kvalifisere seg som underleverandør til større byggeprosjekt og krevjande kundar.

Ei av medlemssagene, Aavatsmark Sag AS, har allereie skaffa seg PEFC-sertifisering og kunne dele verdifull erfaring frå prosessen. I denne verksemda drar dei full nytte av kompetanse frå tre generasjonar i drifta si. Med involvering av dei tilsette har yngste generasjon, Sondre Aavatsmark, leia sertifiseringsprosessen av saga. Dette har han lukkast godt med, ved sidan av studiar innan økonomi og leiing.

Kartlegg bedrifter og produkt

Norsk Bygdesagforening har også lagt ned stor jobb i kartlegging av bedrifter og produkt, slik at dette kan bli mogleg å søke seg fram til på nett. Per no er dette gjort for Vestland fylke, med Møre og Romsdal som neste fylke som skal kartleggast.

Søke-portalen har eit stort potensiale om den utvidast endå meir. Den kan bli ein marknadsplass for lokalprodusert treprodukt, alt frå konstruksjonsvirke til spesielle dimensjonar og ulike treslag. Målet er at det skal bli lettare å orientere seg i tilbodet av norskproduserte, lokale treprodukt, og å finne fram til nisjeprodusentar som kan løyse spesielle oppdrag og levere på kortreiste treprodukt.