For mykje hjort øydelegg for skogbruket

Borkgnag på furu.
Borkgnag på furu. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Hjortebestanden er aukande i Møre og Romsdal. Einskilde stader i fylket er hjorten så talrik at det er umogleg å få opp att ny skog. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2022

NIBIO har undersøkt verknadene av hjortebeiting i plantefelt i fylka Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Hjortebestanden har auka jamt og trutt sidan 1980-åra. I 2021 blei det skote 13 551 hjort i Møre og Romsdal, medan i år 2000 var talet 6 296. Det er også ein auke i talet på påkøyrde dyr. Slaktevektene går ned. Det tyder på for høg bestand i høve til beitegrunnlaget.

Høg hjortebestand kan truge det biologiske mangfaldet. Eit eksempel på dette er blåbær, ein nøkkelart i økosystema. Blåbær kan bli heilt beita ned og døy ut i område med mykje hjort. Alm er også sårbar fordi hjorten et barken. 

Nyplanta skog vert ete opp

I fleire dalføre og lisider klarer ikkje skogeigarane å få opp att ny skog. Hjorten et nyplantene. Dette gjeld til dømes i delar av Gjemnes, Sunndal, Molde, Rauma, Stranda og Ørsta. Nokre planter døyr, medan andre får nye skot av dårleg kvalitet.

Når gran er beiteplante for hjorten, tyder det på at meir prefererte artar som rogn, osp og selje allereie er beitt ned. I dei mest utsette områda er det berre or som kjem over knehøgde.

Skogeigar pliktar å få opp att ny skog etter hogst. Det er kostbart, og nesten umogleg i område med for stor hjortetettleik. Hjorten hindrar såleis eit aktivt skogbruk. Hjorten er også ein ressurs, men hjortestamma bør vurderast opp mot andre interesser og ressursar knytt til eigedomen.

Kommunen skal regulere bestanden

Kommunen skal vedta mål for utviklinga av hjortebestanden. Måla skal ta omsyn til opplysningar om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skader på naturmangfald, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker. Der beiting av hjortevilt fører til vesentlege skader på skog, skal kommunen vurdere om det er behov for regulering av bestanden.

Samstundes med at bestanden må ned, må hjorten sine trekkvegar og leveområde verte trygga slik at ein sikrar at hjorten får tilgang til dei areala han er tilpassa til å nytte.

Ung skog mest sårbar

I prosjektet «Verknad av hjortebeiting i plantefelt og ung produksjonsskog av gran og furu» har NIBIO sett på skadeomfang i sju kommunar i Møre og Romsdal. Val av kommunar er gjort på bakgrunn av store hjortebestand. Prosjektet skal med grunnlag i registrerte beiteskadar kome med forslag til tiltak som kan betre situasjonen. Det er ikkje levert endeleg rapport, men resultat og førebelse tilrådingar er kommunisert gjennom webinar og forelesingar.

Dei ulike plantefelta, til saman 407 bestand, er oppsøkt i felt og skadeomfanget er undersøkt. Gran- og furubestand i ulik alder blei oppsøkt. For den yngste skogen blei det i gjennomsnitt registrert rundt 30 prosent skadde tre. I eldre skog var det større variasjon, og det var frå 3 til 18 prosent skadde tre. Over 80 prosent av bestanda i den yngste skogen hadde registreringar av beiteskade frå hjort. I den yngste skogen er det registrert meir skotbeiting på gran enn furu, medan borkgnag er meir vanleg på furu. I eldre skog er det meir borkgnag på gran enn furu.

NIBIO såg på ulike faktorar som har innverknad på omfang av beiteskadar av hjort. Skadeomfanget på yngre granskog auka blant anna med: aukande bonitet, storleik på hjortebestand, aukande avstand frå veg og nærleik til dyrka mark. For eldre skog gjeld dei same faktorane, men her vil kvistmengd og avstand mellom kvistkransar vere avgjerande for omfanget av borkgnag.

imageaqsbo.png

Gran prega av skogbeiting. Foto: Odd Løset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Oppfordrar til å skyte meir hjort

Følgjande tilrådingar er gitt for område med stor tettleik av hjort og omfattande beiteskader på innmark og skog:

  • Auke samla avskyting sterkt
  • Oppretthalde høg avskyting av kalv
  • Auke avskytinga av kviger og unge hodyr
  • Sum avskyting hodyr (kviger og eldre) bør over 40 prosent
  • Varsam med avskyting av hanndyr, særleg eldre bukk
  • Viktig med årleg evaluering ved pågåande reduksjonsavskyting

Det er vidare viktig med klare mål i bestandsforvaltninga. Måla må vere relatert til bestandsmessige forhold som storleik, demografisk samansetjing, produktivitet og samfunnsmessige forhold. Samfunnsmessige forhold er skade/tap på ulike område som til dømes jord- og skogbruk, naturmangfald og påkøyrslar.

Kontaktpersonar