Opprydding etter stormen Amy i full gang

Grafar som viser utviklinga i innmålt volum og snittpris for gran i Møre og Romsdal 2015–2026. Volumet varierer moderat gjennom perioden, men stig mykje frå 2025 til 2026. Snittprisen har ein tydeleg stigande trend mot slutten av perioden.
Innmålt volum per år (prognose for 2026 på april-tall) og gjennomsnittleg pris på gran (2026 per april).

Stormen Amy trefte Møre og Romsdal 4. oktober 2025. Den uvanlege vindretninga frå sør-aust førte til omfattande vindfall i fylket. Ein viktig årsak er at trea i liten grad har utvikla rotsystem for å tole sterk vind frå denne retninga. I tillegg stod lauvet framleis på trea, noko som gav stort vindfang.

Publisert 26.05.2026

Oppryddingsarbeidet kom raskt i gang. Utover vinteren vart det sett inn fleire maskinlag frå ulike aktørar, og den kalde og stabile vinteren gav gode driftsforhold for hogst.

Utfordrande terreng og store verdiar

Mykje av den nedblåste skogen ligg i bratt terreng. Nokre område vil det truleg ikkje vere mogleg å rydde opp i, men det vert lagt ned ein stor innsats for å berge mest mogleg av verdiane for skogeigarane.

2025 vart eit år med høg hogst og gode tømmerprisar. I etterkant har marknaden svekka seg noko, og tømmer frå vindfall blir gjerne betalt lågare enn ståande skog.

Stor auke i innmålt tømmer

Samtidig er det gledeleg å sjå den store innsatsen frå næringa. Tala for innmålt virke i Møre og Romsdal frå januar til april viser ein auke på 61 prosent samanlikna med same periode i fjor. Dette tilsvarer om lag 60 000 m³ meir tømmer. Auken er særleg merkbar med tanke på at opprydding etter vindfall er meir tidkrevjande enn ordinær hogst.

Samla sett vart det i perioden fram til april målt inn tømmer for 122,3 millionar kroner. Det gir ein gjennomsnittleg pris på 790 kroner per m³ gran. Dette er lågare enn rekordnivået i fjor, då snittprisen var 904 kroner per m³, men framleis klart høgare enn i 2024, då snittet var 645 kroner per m³. 91 prosent av innmålt virke er gran.

Kontaktpersonar