4H-kontoret flytter

4H sitt kontor i Møre og Romsdal har flytta frå Fylkeshuset i Molde til Sykkylven.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.06.2016

På grunn av ei sentral avgjerd har alle fylkesmennene avvikla kontorfellesskapet med m.a. 4H. 4H-kontoret i Møre og Romsdal finn du frå 6. juni 2016 i Sykkylvsvegen 125 i Sykkylven.

4H i Møre og Romsdal har i ei årrekke hatt kontorfellesskap med Landbruksavdelinga, og det har vore eit nært samarbeid til gjensidig nytte mellom Landbruksavdelinga og 4H. Samarbeidet vil holde fram, men går no inn i ein ny epoke.

Flyttinga vart markert med ei enkel tilstelling i Landbruksavdelinga.

Tidlegare 4H-konsulent i fylket, Torill Sandnes og dagleg leiar, organisasjonskonsulent May Britt Skjortnes