Tingvoll gard - base for NORSØK og NIBIO

Bilete frå Tingvoll Økopark.
ingvoll Økopark. Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

På Tingvoll gard finn du fjøs, kyr og traktor som på eit tradisjonelt gardsbruk. Men her vert det også drive forsking og kunnskapsformidling av ypparste klasse.

Publisert 11.10.2023

Tingvoll sentrum ligg på Nordmøre. Midt i sentrum ligg Tingvoll gard.

Forskings- og formidlingsarena

46 tilsette har sitt daglege virke på garden. Det er NORSØK, Norsk senter for økologisk landbruk, som eig garden. I tillegg har NIBIO, Miljøfaglig utredning, Norsk landbruksrådgiving Nordvest, Tingvoll Økopark og SEBAN samla seg i naturskjønne omgjevnadar ved Tingvollvågen.

Mellom driftsbygningar og buskap i jordbrukslandskapet finn du fullskala biogassanlegg, flisfyringsanlegg og solceller. Forskarar har tilgang til laboratorium, klimarom og vekstrom.

Ute er det ein demonstrasjonshage (Stjernehagen) der lokale skuleelevar dyrkar grønsaker, og hagelag og turgrupper kan få eit innblikk i økologisk småskala hagebruk.

Bilete frå stjernehagen på Tingvoll gard
Stjernehagen på Tingvoll gard Foto: Tormod Meisingset, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kommunar og bedrifter kan tileigne seg meir kunnskap og få hjelp til berekraftig forvaltning av sine areal- og naturressursar. Landbruksnæringa kan hente inn råd og rettleiing om grovfôr, husdyrgjødsel, klimatiltak, dyrevelferd og kunnskap om hjorten sin bruk av inn- og utmark.

I Økoparken kan du ta med vener, nabo og familie for å lære om livet i jorda og den viktige rolla som til dømes meitemarken har for matproduksjonen. Dette er berre ein liten smakebit av all forsking og formidling som skjer på Tingvoll gard.  

Fornybar energi og biogass

Sentralt plassert på garden ligg Tingvoll sol- og bioenergisenter, som er eit kompetansesenter for fornybar energi. Målet er å auke interessa og kunnskapen om primært sol- og bioenergi, men òg medverke til berekraftig energibruk. Fullskala biogass-, flisfyrings- og solvarmeanlegg, samt demonstrasjonsanlegg for solstraum, vert nytta både til undervisning, omvising og forsking.

NORSØK har ein testreaktor for biogass basert på husdyrgjødsla frå Tingvoll gard som kan køyrast med anna substrat. I dag er særleg fiskeslam eller fiskeensilage aktuelle råstoff, då fylket er tett knytt mot marine næringar, og marint avfall gir auka gassproduksjon.

Styrke i fellesskap og samlokalisering

Alle aktørane som er samla på garden utgjer eit grønt tyngdepunkt. Faktisk er Tingvoll gard det nest største fagmiljøet av sitt slag som ikkje ligg i ein storby. Nokre gongar konkurrerer aktørane om oppdrag, andre gonger samarbeider dei om kompetanseutvikling, prosjekt og forsking. Eit sterkt fellesskap og samlokalisering gjer det lettare å rekruttere tilsette, og fleire som tek mastergrad og doktorgrad der vert tilbydd jobb etter utdanning. Tingvoll gard har eit kompetansemiljø som er ein viktig ressurs både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Tingvoll gard er samla sett eit unikt konsept.

Les gjerne meir om aktiviteten på Tingvoll gard her:

Tingvoll gard som forskings- og formidlingsarena - Norsøk (norsok.no)

Tingvoll - Nibio

SEBAN - Senter for bærekraftig areal- og naturforvaltning

Hovedside | Miljøfaglig Utredning AS (mfu.no)

Tingvoll Økopark - Tingvoll kommune

Norsk landbruksrådgiving Nordvest

Kontaktpersonar