Stor satsing på lokalmat i Møre og Romsdal

Ser ulik mat i sirkel, vin, ost, frukt, grønsaker
– Situasjonen i verda i dag, gjer det enda meir aktuelt å satse på å produsere maten lokalt! Vi gleder oss til å møte både nye og etablerte produsentar på MRmat, seier Marie Teigland hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Andreas Buarø.

MRmat 2024 samlar produsentar av lokalmat i Møre og Romsdal. I år skjer dette i Kristiansund tysdag 13. og onsdag 14. februar.

Publisert 02.02.2024

– Samlinga er den fremste møteplassen for dei som produserer lokalmat i regionen. Her får dei fagleg påfyll, og dei får dele erfaringar og bygge nettverk, fortel Marie Teigland på Landbruksavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Kurs i ulike teknikkar

Kvart år samlar MRmat produsentar av lokalmat frå heile fylket. Her kjem også dei som ønskjer å starte opp eigen produksjon og foredle mat og drikke.

– I år er det tilbod om fagkurs for fleire ulike grupper. Her blir kurs i å foredle frukt og bær, eple- og siderproduksjon, kjøttforedling og sal av eigenprodusert kjøt, ostemangfald og ystetradisjonar. Det blir også eit serveringskurs for serveringsbedrifter som ønsker inspirasjon og innspel til å bruke meir lokale råvare. Til alle kursa er det henta inn eksterne, fagleg sterke ressurspersonar, fortel Teigland.

En dame står og skjærer i kjøtt. Flere står rundt og ser på.
Kristina Svinvik frå Svinvik Gard hadde serveringskurs under MRmat i 2023. Det vart godt motteke. I år er det Christopher Schönefeld frå Juvet Landskapshotel som skal halde serveringskurset. Foto: Marie Teigland.

Lanserer prosjekt

Under MRmat 2024 får produsentane møte prosjektet «Lokalmat Møre og Romsdal».

– Dette er eit initiativ frå NORSØK som tar sikte på å fremme lokal matkultur, støtte og styrke småskalaprodusentar og ikkje minst kople kokkar og produsentar saman til eit felles løft for begge partar. Å bygge eit sterkare nettverk er ein viktig del av dette. Prosjektet spring ut frå prosjektet «Urban Farms» som NORSØK har vore delaktig i tidlegare, fortel Teigland.

Gründertenesta er med!

I år skal også skal gründertenesta hoppid.no vere med på MRmat.

– Hoppid har «Garden som ressurs» høgt på sin agenda. Dei lokale hoppid-kontora skal arrangere rundt 10 mobiliseringsmøte om dette temaet rundt om i fylket i løpet av 2024, fortel Teigland.

Aktuelt å satse no!

Teigland seier at MRmat legg grunnlaget for framtidig samarbeid og satsing i sektoren.

– Situasjonen i verda i dag, gjer det enda meir aktuelt å satse på å produsere maten lokalt! Vi gleder oss til å møte både nye og etablerte produsentar på MRmat!

Kontaktpersonar