Landbruksmøtet – ein viktig møteplass for næringa i Møre og Romsdal

Landbruksdirektør Frank Madsøy opna Landbruksmøtet. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ei engasjert forsamling deltok på det årlege Landbruksmøtet som Statsforvaltaren arrangerer. Her deltok tilsette og tillitsvalde eigarar i organisasjonane i landbruket i Møre og Romsdal.

Publisert 12.12.2023, Sist endra 12.12.2023

Frå båsfjøs til lausdrift

På årets Landbruksmøte var tema mellom anna overgangen frå båsfjøs til lausdriftsfjøs. Det vart sett fokus på korleis rådgjevarapparatet jobbar for alternative og rimelege bygningsløysingar. Anne Berit Løset frå Innovasjon Norge orienterte om utfordringane dei ser, samt om ordninga med ressursavklaring. TINE, Nortura og NLR Nordvest fortalde korleis rådgjevarane deira jobbar. Vidare informerte Magne Andreas Cartfjord Mo frå Mattilsynet om korleis gardbrukarane kan imøtekome kravet frå 2024 om beite/mosjon i 16 veker.

Berekraftig skogbruk og Fylkesstrategi for landbruk

Ida Aarø frå Norges Skogeierforbund ga oss eit bilete av utfordringar og mogelegheiter i framtidig forvaltning av norsk skog.

Neste tema var Fylkesstrategi for landbruk i Møre og Romsdal, som vart vedtatt av Fylkestinget for eit år sidan. Bonde- og småbrukarlaget, Bondelaget, NIBIO og NORSØK presenterte korleis dei bidreg til å nå måla i strategien. Strategien er ei viktig plattform for samarbeid, og det vart ein god diskusjon om korleis næringa kan jobbe saman for å nå måla.

Fylkeskommunen presenterte ordninga «Rekruttering og kompetanseheving i landbruket». Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje støtte til tiltak som bidreg til å rekruttere til landbruksnæringa eller å heve kompetansen  hos næringsutøvarar innanfor landbruket. Fylkesstrategi for landbruk ligg til grunn for kva søknadar som vert prioritert. Søknadsfrist er 15. februar.

Agritech Cluster

Jordbruksklynga Agritech Cluster skal bidra til å utvikle og å ta i bruk ny landbruksteknologi. Rose Bergslid orienterte om arbeidet. Agriforsk er eit av tiltaka i Agritech Cluster, og gjev bønder mogelegheit til å løfte problemstillingar som treng forsking. Rose presenterte erfaringar frå dette arbeidet.

Inspirasjonspris

Brit Kari Eidseflot Hauger frå Statsforvaltaren informerte om Møre og Romsdal Landbruksselskap sin Inspirasjonspris. Landbruksselskapet ynskjer å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa, og vil gjerne ha forslag på kandidatar innan 15. januar. Prisen vert delt ut på Landbrukskonferansen 8. mars.

 


imagevvhgc.pngAnne Berit Løset frå Innovasjon Norge

Magne Andreas Cartfjord Mo frå Mattilsynet

image5cpuf.pngIda Årø frå Norges Skogeierforbund. 


Alle Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal