Utlysing av midlar til klimavennlege offentlege bygg - ny frist 1.5.2024

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ynskjer din kommune at bygg-, anlegg- og eigedomssektor tek større omsyn til miljø og berekraft? Har kommunen ambisjonar om sirkulære løysingar for bygg og eigedom? Då kan kommunen søke om støtte på inntil kr 40 000 til utgreiing, forprosjekt, kurs eller studieturar.

Publisert 28.02.2024

Bygg- og anleggssektoren i Noreg slepp ut like mykje CO2 som industri- og petroleumssektoren. Halvparten av utsleppa kjem frå byggemateriala.

For å minske utsleppa frå offentlege bygg lyser Tredrivaren ut midlar til kommunane for å auke kompetansen om lavutsleppsmaterialar og klimagassreduksjon i byggeprosjekt. Kommunane kan søke om inntil kr 40 000.

Midlane kan brukast til kompetanse om klimagassberekningar, bygg i tre og fornybare materialar og til å planlegge for sirkulære og gjenbrukbare løysingar i bygg.

Målet er auka kompetanse om klimavennlege bygg både for planleggarar, utbyggjarar og entreprenørar.

Ny søknadsfrist: 1.5.2024. Send søknaden til sfmrpost@statsforvalteren.no og merk den med «Tredrivaren».

 

 

Lenkjer