Gjer tresøppel om til designmøblar

Grunder Olav Engelstad i Rewo. Foto: Rewo

Med stipend frå Tredrivaren i Møre og Romsdal fekk masterstudent Olav Engelstad eit bidrag til å forske på korleis vi kan nytte «avkapp» frå treindustrien til å lage designmøblar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2023

Tredrivaren i Møre og Romsdal gir stipend til studentar som fremjar smart bruk av tre i Møre og Romsdal. Stipendet går til søkarar som skriv ei studiepoenggjevande oppgåve saman med ei bedrift frå Møre og Romsdal. Bedrifta må vere knytt til næringar som nyttar tre i sin produksjon. Målet er å bidra til innovasjon og rekruttering.

– Eg vart tipsa av ein god kollega på NTNU om at dette stipendet kunne vere relevant for det eg ønska å jobbe med i masteroppgåva mi, fortel Olav Engelstad.

Han tok ein master i Industriell design i 2017. Her undersøkte han korleis avkapp frå sagbruk i Surnadal kunne nyttast til møbel i staden for å bli brent. Altså å gå frå å vere avfall til å bli eit produkt med høg verdi. Oppgåva fekk tittelen «Design with waste wood».

– Eg søkte stipendet for å få støtte til å kjøpe inn eit VR-Headsett. Med det kunne eg undersøke restmateriale i virtuelle rom, og deretter sjå potensialet i materialet.

 Restmateriale av høg kvalitet.
Restmateriale av høg kvalitet. Foto: Rewo

Utviklar nye produkt

I dag er Engelstad ferdig utdanna industridesignar frå NTNU, og dagleg leiar i REWO – Redesign Waste Wood. Han nyttar sine designkunnskapar til å undersøke og utvikle nye moglegheiter for treavfallsmateriale. I samspel med norsk industri utviklar han nye produkt frå dette overskotsmaterialet.

– Vi bruker avkapp til å lage nye produkt, som bord, golv, interiør og andre skreddarsydde produkt. Her arbeider vi i lag med andre arkitektar og møbelsnekkarar. 

Sjekk ut rewo.no og les meir om verksemda.

 Bord av restmateriale.
Bord av restmateriale. Foto: Rewo

Lagrar karbon

Arbeidet til Engelstad bygg på verdiar som gjenbruk og å redusere både ressursforbruk og utslepp av klimagassar.

– Treverk lagrar karbon. Ved å sørge for at overskotsmateriale frå byggeplassar og industri vert brukt til nye produkt, vil karbon som er lagra i treverket bli verande der.

Denne måten å bruke materiale på, hindrar altså at karbon vert sloppe ut i atmosfæren, slik den vert om treet vert brent. Samtidig vert etterspørsel etter nytt materiale redusert.  

Berekraftig

– Vi ser ein auka etterspørsel etter berekraftige produkt og møblar. Dette gjer at vi stadig kan produsere meir.

Mange aktørar og kundar fortel at dei verdset berekrafta i produkta til REWO. Alle produkt kjem med ei CO2- oppsummering som dokumenterer kor mykje CO2 som er lagra i produkta, saman med historia til materiala.

– Vi trur denne informasjonen er viktig for mange, for det vert stadig strengare krav frå EU og andre på at utsleppstala skal vere lave. 

Innovasjon

Engelstad oppfordrar andre som har innovative og berekraftige idear til å prøve dei ut.

– Det finst nok av utfordringar i dagens samfunn. Ofte er utfordringane eit resultat av idear, tankar og visjonar frå folk før oss. Om nokon ønsker å forbetre ein eller fleire element ved det samfunnet vi lever i no, er det viktig å bruke den drivkrafta.

Engelstad seier han har hatt bratt læringskurve i det å starte opp eige firma.

– Heldigvis har eg fått mykje hjelp av flinke folk undervegs, og det er viktig å ta eit steg om gongen, seier han. 

Kontakt: Christina Qvam Heggertveit,

tlf 71 25 85 72christina.heggertveit@statsforvalteren.no