Meir bruk av tre i offentlege bygg - Utlysing av midlar til nybygg eller rehabiliteringsprosjekt med meir bruk av tre

Karihola barnehage i Kristiansund Foto: Christina Qvam Heggertveit

Statsforvaltaren oppmodar kommunane til å bygge i tre. No kan kommunane søke om økonomisk støtte til nybygg eller rehabiliteringsprosjekt med utvida bruk av tre som byggemateriale.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.06.2021, Sist endra 23.07.2021

– Kommunane kan søke om økonomisk støtte til å heve kompetansen i å byggje i tre. Kommunane kan også få støtte til planlegging for meir berekraftige bygg.

Tredrivaren arbeider for å styrke verdikjeda til tømmer, og å legge til rette for utvida bruk av tre i bygg. Målet er auka kompetanse om tre som byggemateriale for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og treindustrien.

Bygg påverkar klimaet

Byggsektoren har eit omfattande klimafotavtrykk. Potensialet for å redusere klimagassutsleppa frå denne sektoren er stort, gjennom gode val av byggematerial, i tillegg til god planlegging av både byggeprosess og drift.

Når politikarar og byggherrar krev låge klimagassutslepp og fornybare byggematerial ved oppføring, rehabilitering og drift, vil også bygge- og anleggsbransjen bidra til å nå målet om eit lavutsleppsamfunn.

Kommunen si rolle

Kommunane har ei viktig rolle som bestillarar av bygg, på vegen mot eit berekraftig samfunn. Kommunen kan bruke kjøpekrafta si å stille høge krav til leverandørane om klimavennlege løysingar.

Tre er ein klimavennleg og fornybar ressurs

Tre er ein fornybar ressurs, som tek opp og lagrar karbon frå atmosfæren gjennom fotosyntesen mens det veks. Et bygg av tre kan derfor reknast som eit karbonlager i bygget si levetid. Potensialet for å lagre karbon i bygg av tre er stort. Offentlege byggeigarar realiserer stadig fleire bygg med mål om eit redusert klimafotavtrykk, og vi får stadig fleire større bygg i tre og krysslaminerte byggeelement, såkalla massivtre. Dette er eit viktig bidrag!

Smarte byggemåtar

Å bygge større bygg med tre som konstruksjonsmateriale, og med konkrete terskelverdiar for utslepp frå prosjekta, er nytt for dei aller fleste byggherrar, prosjektleiarar, arkitektar, utførande entreprenørar og handverkarar. Behovet for å utvikle ein dialog for læring og bygge kunnskapsnettverk blir peika på som ein del av løysinga av ei rekke aktørar.

Søk støtte!

Gjennom Tredrivarens kompetansehevingsprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke om støtte. For heile fylket kan Statsforvaltaren gi støtte til inntil fem prosjekt totalt, med maksimalt 50 000 kroner per prosjekt. Søknadane blir behandla fortløpande.

Midlane skal brukast til å heve kompetanse om meir bruk av tre som byggemateriale, og planlegging for meir berekraftige bygg. Tidlegare søknadar har handla om støtte til konsulenthjelp, kurs og studieturar.

Søknader skal merkast «Tredrivaren sitt kompetanseprogram» og sendast til sfmrpost@statsforvalteren.no 

Tredrivaren i Møre og Romsdal er med i ein nasjonal satsing for klimavenlege løyningar i offentlege bygg. Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal finansierar Tredrivaren, eit samarbeidsprosjekt med formål om å styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal leggje til rette for auka bruk av tre i bygg, auka kompetanse om bruk av tre som byggemateriell for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar i treindustrien, og å bidra til innovasjon i trebasert industri.