Bioenergi i Møre og Romsdal

Foto: Åsmund Asper, Statsforvalteren i Møre og Romsdal
Foto: Åsmund Asper, Statsforvalteren i Møre og Romsdal

Ved- og flisfyringsanlegg nyttar avfall frå skogen til å gi varme. Straumen vi dermed sparer kan nyttast til å løyse dei oppgåvene som bioenergi ikkje passar til, som å lade el-bilen, gje lys eller straum til PC-en.

Publisert 24.11.2021

Samfunnsinteresse i biovarme

Vi ser at flisfyring, bioenergi og biovarmeanlegg er element som gir oss betre energifleksibilitet. Flisfyring fører til betre bruk av biomasse som elles ikkje går inn i noko anna verdikjede. Tilgang til energi er viktig for omtrent alle utfordringar og høve vi møter i dag - jobbar, tryggleik, klimaendringar, matproduksjon og moglegheiter for auka inntekt. Energiproduksjon og -forbruk er den største medverkinga til klimaendringar, gjennom utslepp av CO2 og andre klimagassar.

Energifleksibilitet er høve til å velje mellom to eller fleire energiberarar. Energiberarar gir oss moglegheit til å kunne distribuere energi, slik at den kan brukast til ulike formål vi treng energi til, som oppvarming, drift av ulike apparat, belysning, osv. Eksempel på energiberarar er elektrisitet, fyringsolje og naturgass. Energiberarar er veldig forskjellige, har ulike eigenskapar og eigner seg dermed også til ulike typar formål. God energieffektivitet handlar mellom anna om utnytting av energiberarane sine ulike eigenskapar i forhold til behovet som skal dekkast.

Klimavennleg og berekraftig energifleksibilitet

I følge FN sitt berekraftsmål nummer sju er tilgang til elektrisitet viktig for mellom anna økonomisk vekst, helse og tryggleik: «Energien skal vere påliteleg, berekraftig, moderne og ikkje altfor dyr». Det betyr at vi må produsere og distribuere straum på ein betre måte enn i dag, og vi må utnytte spekteret av energiberarar på ein meir effektiv måte enn vi gjer i dag. Derfor er det eit mål å auke delen av fornybar energi som alternativ til straum og energi frå fossile kjelder.

Vi skil mellom høgverdig og lågverdig energi. Elektrisitet er høgverdig fordi denne energiforma kan brukast både til oppvarming og til drift av maskiner. Olje, gass, pellets, ved, parafin, kol og koks er energi av lågare kvalitet. Dei er eigna til oppvarmingsformål og mindre eigna til å drive maskiner effektivt. Ved å nytte for eksempel ved til oppvarming, frigjer ein elektrisitet til meir kompliserte energibehov som ikkje kan løysast med lågverdig energi.

Delen av fornybar energi må aukast dersom verda skal nå målet om å avgrense klimautslepp og global oppvarming.

I valet mellom best eigna energiberarar ligg økonomiske og miljømessige vurderingar til grunn. I Noreg blir det nytta langt meir elektrisitet enn vi strengt tatt treng, ofte ved at elektrisk energi blir brukt der vi like gjerne kan nytte andre energiformer. Spesielt nyttar vi straum til oppvarming i unødig stor grad. Varme til hus og næringsbygg kan produserast minst like godt ved hjelp av andre løysingar – og ofte langt rimelegare.

Nytte eigne ressursar til bioenergi

Vi må i større grad bytte ut fossile energikjelder med fornybare. Blant dei fornybare finn vi vatn-, vind- bølgje- og solkraft. Bioenergi er og ei fornybar energikjelde. Karbonet som sleppast ut ved forbrenninga høyrer med i det korte karbonkretsløpet, og reknast derfor som klimanøytralt. I dei tilfella der ein kan bytte ut straum til varme med bioenergi har vi ein energieffektivitetsgevinst. Kjem straumen som blir erstatta frå kolkraft, har vi også ein klimagevinst.

I landbruket kan ein ha fleire fordelar ved å erstatte straum med bioenergi frå skog og anna utmarksareal. Jord- og skogbrukarar kan produsere, bruke og levere varme laga med bioenergi frå skog og kulturlandskap. Gardar med flisfyringsanlegg vil vere sjølvberga med energi til oppvarming av bustad og vatn. Gardsbruk med mjølkeproduksjon har mellom anna stort behov for varmt vatn. Eit større gardsvarmeanlegg kan og selje varme til nabobustader.

Innovasjon Norge gjennomførte i 2013 ei evaluering av lønsemda i 279 gardsvarmeanlegg gjennom ei mastergradsoppgåve ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet (https://nmbu.brage.unit.no/nmbu-xmlui/handle/11250/187009). Konklusjonen var at gardsvarmeanlegg var lønsame og at brukarane var fornøgde.

Tal frå Innovasjon Norge syner at det er gitt støtte over Bioenergiprogrammet til tolv anlegg i Møre og Romsdal som fyrer med ved eller og flis og leverer vassboren varme til eige bruk og for sal frå 2015 og fram til i dag. Trøndelag er det fylket som har hatt mest utbygging med tilskot til 118 anlegg i same periode.

Noko av grunnen til at det har vore så mange utbyggingar i Trøndelag, kan vere at der er mykje varmekrevjande produksjon, slik som kylling og gris. I tillegg ser ein smitteeffekt med mange anlegg i visse regionar.

Eit bioenergianlegg har ein kostnad på 33 øre/kWh for innkjøpt flis eks. mva og transport. Men den enkelte gardbrukar kan kutte denne kostnaden ved å nytte virke frå eigen skog og leige flishogging. Råstoffet er då trevirke som ikkje har verdi i anna produksjon. Ved å utnytte dette råstoffet betre vil ein og auke verdiskapinga på garden. Her på Vestlandet har kratt og lauvtre gode vekstforhold. Det betyr at vi har raske omløp og god tilgang på eigna råstoff.

Flisprodusentar

I Møre og Romsdal er det i dag 4 produsentar av skogsflis som brensel; Fiskaa Maskin AS, Fjordane Bioenergi AS, Amdam Sag AS og Romsdal Bioenergi AS. Av desse produsentane er det Romsdal Bioenergi som er det største selskapet og som i tillegg har vore lengst i bransjen. Dei har no ein årleg produksjon på omlag 25.000 m3 . I tillegg er Orkla Trebrensel og Mjøsen Skog inne med leveransar av brenselsflis her i fylket.

MøreTre AS produserer brikettar av kutterspon. Noko blir levert til fjernvarmeanlegget i Surnadal, resten blir seld på den opne marknaden.

Artikkelen er skrevet i samarbeid med NORSØK.