Undersøking – lagerkapasitet og spreieareal for husdyrgjødsel

Vi ønskjer å kartlegge spreiearealet for husdyrgjødsel og gjødsellagerkapasiteten hos gardbrukarane i fylket

Publisert 20.11.2025

I februar 2025 fekk vi eit nytt regelverk for korleis vi skal lagre og bruke gjødsel. Regelverket omfattar all gjødsel, både husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det nye regelverket kan gi følgjer for spreieareal og lagerkapasitet. Dette ønsker vi å kartleggje.

Har du tilstrekkeleg spreieareal?

I vårt fylke kan det i 2025 og 2026 ikkje tilførast meir enn 3,5 kg fosfor per dekar (P/daa). Grensa gjeld samla for all gjødsel. Grensa vil bli redusert til 2,8 kg P/daa i 2027, 2,5 kg P/daa i 2030 og vil bli 2,3 kg P/daa frå 2033. Dette kan bety at det blir behov for meir areal å spreie husdyrgjødsla på. Vi ønskjer å kartleggje kor mange som har tilstrekkeleg spreieareal, og kor mange som treng å gjere noko med arealsituasjonen.

For å kunne ha ei formeining om gjødselmengder, kan vi bruke dette utgangspunktet:

  • 15 kg fosfor per mjølkeku,
  • 8 kg fosfor per ammeku,
  • 5 kg fosfor per øvrige storfe,
  • 2 kg fosfor per småfe (sau/geit),
  • 8 kg fosfor per purke.
  • Det kan reknast 900 kg fosfor for eggproduksjon med 7500 høner.

Har du nok lager for husdyrgjødsel?

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel er no 15. september. Frå 2027 kjem i tillegg krav om at det må haustast ei avling eller etablerast ny plantevekst etter siste spreiing. I grovfôrproduksjon må altså siste spreiing skje etter nest siste avling. Det vil seie at spreiinga kjem langt tidlegare enn 15. september, og vi får ein lengre lagringsperiode for husdyrgjødsel enn vi har i dag. Vi ønskjer derfor å kartleggje kor mange som vil få problem med den lagerkapasiteten dei har i dag.

Vi har engasjert AgriAnalyse til å gjennomføre denne spørjeundersøkinga. Den er utsendt til alle som har søkt om produksjonstilskot i 2025, med registrert aktiv e-postadresse.