Meld frå om mogleg produksjonssvikt

For å kunne få tilskot ved produksjonssvikt, må du dokumentere skaden og vise at den er forårsaka av klimatiske forhold.

Publisert 29.04.2025

Du må rapportere skaden så snart den oppstår eller kan oppstå, slik at kommunen kan kontrollere arealet når klimaskaden kan påvisast. Eit føretak som rapporterer så raskt som mogleg, vil ha ein betre bevisposisjon enn dei som ikkje gjer det.

Melding om skade gjøres elektronisk via Altinn.

Melding om skade gjerast elektronisk via Altinn. Dersom du har skade i fleire ulike vekstgrupper, må du sende ei eiga melding for kvar vekstgruppe. Meldinga blir sendt til kommunen, og du vil motta ei kvittering for innsendt melding.