Gardbrukarane Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad får nasjonal pris

Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2025 er tildelt gardbrukarane på Østigard Flatvad i Sunndal kommune, Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad.
Ekteparet på Østigard Flatvad vant Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal i 2024. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal nominerer fylkesvinnaren som kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen påfølgande år.
Landbruks- og matdepartementet og Norsk Kulturarv har sett ned ein jury som bestemmer kven som vinn den nasjonale prisen. I år var det Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad som vann.
I dag blei det staseleg besøk på garden, då landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen kom på besøk og overrekte prisen. Den er eit tresnitt av kunstnaren Hans Normann Dahl og 50 000 kroner, gitt av Landbruks- og matdepartementet.

Frå høgre områdedirektør hjå statsforvaltaren Frank Madsøy, fylkesordførar i Møre og Romsdal Anders Riise, Rita Dyrnes Flatvad, Knut Flatvad, landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen og ordførar i Sunndal kommune Ståle Refstie. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Det var omvising på garden, og gjester og vinnarar fekk servert ein god lunsj i flotte omgivelsar på Nyheim Lodge.
Les artikkelen som vart laga då Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad vann Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal i 2024: Kulturlandskapsprisen 2024 til Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Juryen si grunngjeving for den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2025:
Den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2025 er tildelt gardbrukarane på Østigard Flatvad i Sunndal kommune, Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad.
Dei har drive garden Østigard Flatvad sidan 2005. Som heiltidsbønder har dei utvikla garden til ei mangfaldig bedrift. Dei er gode eksempel på korleis bønder kan bidra positivt på viktige område, som auka verdiskaping og å ivareta kulturminne, kulturlandskap og naturmangfald.
Dei har dei siste åra rydda eit stort kulturbeite for storfe, og arbeider no med å få til beiting i gamle seterområder igjen. Det er lagt ned stor innsats for å fjerne uønska artar, og for å så inn stadeigne blomar for å ivareta pollinerande insekt.
I dag bur tre generasjonar på garden. Alle er delaktige i gardsdrifta. Drivarane har ein aktiv landbruksproduksjon med to føretak: Flatvad Mjølk DA med cirka 55 mjølkekyr og Østigard Flatvad – 27 avlspurker og cirka 390 smågris. Østigard Flatvad har 900 dekar jord. Noko av dette er leigd frå andre gardar i bygda. I tillegg har dei produksjon av gras og korn. Den aktive bruken av innmark- og utmarksressursane utgjer ein heilskap.
I ti år har Rita hatt besøksgard for barnehagar og skular. Ungane har fått lære om aktivt landbruk, og har fått dyrke mat i kjøkenhagen på garden. Grønsakene blir brukte på skulekjøkenet.
I tunet på Flatvad er det 3 SEFRAK-registrerte hus; ei smie frå 1800-talet, eit stabbur og nordmørslån frå 1700-talet.
– Knut og Rita sitt arbeid viser tydeleg viktigheita av det aktive landbruket, som kulturlandskapspleiar og som produksjonslandskap for å sikre norsk matproduksjon. Deira innsats gjer dei til framifrå ambassadørar for landbruket, uttala statsforvaltar og juryleiar Else May Botten då Knut og Rita vann Kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal for 2024.
Knut Flatvad og Rita Dyrnes Flatvad engasjerer seg også i grendelaget, og har blant anna vore med på å opparbeide turstigar i området. Dei er aktive og engasjerte medborgarar, og Knut har i mange år vore leiar for Sunndal Bondelag.

Områdedirektør Frank Madsøy frå Statsforvalteren i Møre og Romsdal heldt tale til prisvinnarane.

Tre generasjonar samla ved innkjøyringa til tunet på Østigard Flatvad.