Tilskot ved produksjonssvikt
Jordbruksføretak kan søkje om erstatning for å redusere økonomisk tap ved klimabetinga avlingsvikt i plante- og honningproduksjon. Ordninga gjeld berre avlingsskadar som skyldast av klimatiske forhold, og som det ikkje er råd å forsikre seg mot.
Klimaavhengig produksjonssvikt kan oppstå som følgje av vêrforhold som tørke, kraftig nedbør eller flaum. I slike tilfelle blir produksjonssvikten vanlegvis berekna ut frå den faktiske mengda som er produsert, uavhengig av kvaliteten.
For frukt og bær kan det likevel også takast omsyn til kvalitetsdegradering, til dømes skadar forårsaka av hagl, store nedbørsmengder eller frost.
Slike vêrhendingar kan skape utfordrande forhold både for vekst og innhausting.
Meir informasjon for ordninga på Landbruksdirektoratet si heimeside.
Varsel om mogeleg produksjonsvikt
For å kunne søkje om tilskot til produksjonssvikt må du melde frå så snart du fattar mistanke om produksjonssvikt. Kommunen skal ha høve til å kontrollere skadeårsaka. Du må kunne dokumentere årsaka til skade og forsøke å avgrense tapet mest mogleg.
Send varsel om mogleg produksjonssvikt
Det vert stilt krav om at avlinga blir hausta. Unntaksvis kan ein gje tilskot ved produksjonssvikt for uhausta areal. Dette er berre mogeleg når kommunen, etter kontroll på bruket, har godkjent manglande hausting og vurdert kor stor avling som står uhausta.
Søknad - søknadsfrist 31. oktober
Det er eit vilkår for å kunne få tilskot ved produksjonssvikt at du har gitt kommunen melding om skade. Avlinga i skadeåret må vere mindre enn 70 prosent av gjennomsnittssavlinga for vekstgruppa for å utløyse grunnlaget for tilskot. Det vil seie at det er ein eigen risiko på 30 prosent.
Det kan søkjast tilskot for følgjande vekstgrupper
- grovfôr
- korn og anna frø til modning
- frukt
- bær
- poteter
- grønsaker
Alt fulldyrka og overflatedyrka jordbruksareal føretaket har fått godkjent produksjons-tilskot for i aktuell vekstgruppe i skadeåret inngår i berekninga.
Send søknad om tilskot ved produksjonssvikt
Ved digital søknad får du ei kvittering i innboksen din i Altinn.
Nytt system i 2023 for melding om mogleg produksjonsvikt
Landbruksdirektoratet har no etablert ei digital løysing, der føretak melder om skade og mogeleg produksjonssvikt via Altinn. Tidlegare har melding om produksjonssvik blitt gitt via e-post, telefon eller på anna måte.
Publisert 20.12.2022
Tilskot ved produksjonssvikt
Bønder i Møre og Romsdal får utbetalt 7.5 millionar i tilskot ved produksjonssvikt for vekstsesongen 2022.
Publisert 22.06.2020
Endringar i ordninga Erstatning for produksjonssvikt
På grunn av koronasituasjonen vart det bestemt i årets jordbruksavtale at ikkje berre klimabetinga avlingssvikt, men også produksjonssvikt på grunn av manglande arbeidskraft kunne dekkast over erstatningsordninga.
Publisert 17.12.2018
Status erstatning for avlingssvikt i 2018
Tørkesommaren i 2018 førte til avlingssvikt for mange. Fylkesmannen har fått inn over 250 søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt.
Publisert 02.08.2018
Erstatning for avlingssvikt - kontakt kommunen tidleg
Fylkesmannen ventar at det blir mange søknader om erstatning for avlingssvikt i år. Tørkesommaren har gitt små avlingar, og ein del har fått så stor avlingssvikt at det er grunnlag for å søke erstatning.
Publisert 02.08.2018
Små avlingar i 2018
2018 vil bli huska som eit år med rekordvarme og rekordlite regn. Dessverre er det ikkje gunstig for avlingane våre.
Publisert 07.06.2017
Overvintringsskade på eng? Dokumenter skaden og kontakt eventuelt kommunen!
Fleire kommunar har meldt frå om overvintringsskader på eng i år. Det er mest i indre og høgareliggande område vi har fått melding om skade, og skaden viser seg som uttynning i enga eller at enga flekkvis har gått heilt ut.