Erstatning for avlingssvikt i vekstsesongen 2021

Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Året 2021 var for dei aller fleste eit avlingsår utan veldig store utfordringar. Store lokale variasjonar utover sommaren ga likevel store forskjellar i avling.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.02.2022

Enten så er det for mykje regn eller så er det for lite regn, og enten er det for varmt eller for kaldt. Vèret har dei fleste av oss meiningar om og det blir aldri heilt optimalt for alle. Dei som har levebrødet sitt basert på det som skal vekse merkar det veldig godt når vèret gjer at avlinga slår feil.

Både vått og tørt

Vekstsesongen 2021 var vel ikkje blant dei mest unormale. Det var sein vår, men det vart veldig varmt og fint når våren først kom. Slik var det for heile fylket. Utover sommaren vart det derimot nokså ulikt. Dei fleste stader i fylket fekk ein del regn og brukbare avlingar. Så var det nokre få område der ein såg at torebygene gjekk på alle kantar, men ingenting traff der ein sjølv stod og såg. Dermed vart det tørt og det førte til små avlingar i enkelte område. Jordsmonnet spelar òg ei rolle. Dei som har myrjord vil nyte godt av at det er varmt og tørt. Dei som har sandjord vil derimot få tørkeproblem. Dette førte til at det vart gitt erstatning for avlingssvikt for nokre grovfôrprodusentar.

Jordbærsesongen

I tillegg hadde dei fleste bærprodusentar utfordringar i form av varme i høgsesongen, jordbærsnutebille og mangel på arbeidskraft. Når det er veldig varmt tidleg på sommaren blir bæra moden raskare og plukkesesongen blir kortare. Når det er litt for lite plukkarar, så blir det eit problem. Bråmodning av bære gir dessutan små bær og mindre avling. Den viktigaste årsaka til reduserte avlingar var jordbærsnutebille, men den er ikkje klimabetinga skade som gir grunnlag for erstatning. I enkelte felt gjorde den mykje skade.

Oppsummert

Alt i alt er det utbetalt erstatning for avlingssvikt i 2021 til 12 føretak. 8 av desse gjeld grovfôrproduksjon, 3 gjeld bær og 1 gjeld honningproduksjon. Samla beløp er kr 2 130 478. Beløpa varierer frå kr 22 288 til kr 763 880.

 

Kontaktpersonar