AKTIV HEILE LIVET! Folkehelsekonferansen 2023

Dato:
30. oktober 2023 09:30 - 31. oktober 2023 14:45
Stad:
Scandic Hotel Seilet, Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal idrettskrets
Målgruppe:
Kommunane med til dømes folkehelsekoordinator, friskliv, kommuneoverlege, kultur, psykisk helseteneste, leiarar barnehage/skular, NAV, politikarar Andre som jobbar med forebyggande helsearbeid i fylket Frivilligheita - regionledd og paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket
Påmeldingsfrist:
10. oktober 2023 23:00

Tema for årets folkehelsekonferanse er livslang helse, sosial inkludering og psykisk helse. Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal idrettskrets inviterer til konferansen som går over to dagar i Molde. 

Publisert 27.09.2023

Program

Programmet har mykje å by på og fullstendig program finn du nedst på sida. Vi gjer merksam på at etter ordinært program på dag to, er Frisklivssentralane i fylket invitert vidare til ei fagsamling. Vi er glade for å kunne presentere at den kjente hjerneforskaren Ole Petter Hjelle kjem med sitt foredrag «Sterk hjerne med aktiv kropp». I tillegg kan vi mellom anna freiste med følgande tematikkar og stikkord på kva som kjem: 

Måndag 30.10 Frå kl. 09.30-16.30

  • Folkehelse og livsmeistring med mellom anna presentasjon av ABC for god psykisk helse og Livet&Sånn
  • Ungdom og medverking med mellom anna Tøyenakademiet, dei unges stemme og panelsamtale på korleis få til reell medverking.
  • Planlegging som førebyggande tiltak med mellom anna Forebyggande plan i barnevernsreforma, Økonomi som barriere for deltaking, tverrfagleg samarbeid for barn og unge, kommuneeksempel, UNG kunst og kultur og Undersøking på frivilligheita.
  • Søvn og psykisk helse

Bli med på ein frisk gåtur i nærmiljøet kl. 17.

Konferansemiddag kl. 19

Tysdag 31.10 kl. 08:30-14:45

  • Sterk hjerne med aktiv kropp – korleis hjernen vår påverkast når vi er i aktivitet. Foredrag med Ole Petter Hjelle som har doktorgrad i hjerneforsking.
  • Matglede gjennom heile livet, foredrag og dialog
  • Fysisk aktivitet heile livet med mellom anna fysisk aktiv læring i skolen, folkehelse og rørsleglede, “Bo trygt hjemme” reformen, gode eksempel som Gåfotball og Smøla frisklivssentral. Og det blir utdeling av Idrettsstipend frå fylkeskommunen!

Kun for Frisklivssentralane kl. 15:00 -16.30

  • Funksjonell trening med Mathias Lilleheim i lokalane til Bris treningssenter (praktisk økt)
  • Informasjon og dialog

Målgruppe

  • Kommunane med til dømes folkehelsekoordinator, friskliv, kommuneoverlege, kultur, psykisk helseteneste, leiarar barnehage/skular, NAV, politikarar
  • Andre som jobbar med forebyggande helsearbeid i fylket
  • Frivilligheita - regionledd og paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket

Påmelding

Konferansen er gratis.

  • Påmeldingsfrist er 10.oktober 
  • Påmeldingsskjemaet finn ein ved å følgje følgjande lenke: https://forms.office.com/
  • Her kan du bestille rom ved Scandic Seilet. Ein kan også bestille via epost til meeting@scandichotels.com eller på telefon 21898167. Ved booking skal fult namn, telefonnummer, mail og garanti for betaling oppgis. 
  • Fylkeskommunen held av eit vist tal rom fram til 05.10.23, så vær rask med å bestille rom.
Dato:
30. oktober 2023 09:30 - 31. oktober 2023 14:45
Stad:
Scandic Hotel Seilet, Molde
Arrangør:
Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal idrettskrets
Målgruppe:
Kommunane med til dømes folkehelsekoordinator, friskliv, kommuneoverlege, kultur, psykisk helseteneste, leiarar barnehage/skular, NAV, politikarar Andre som jobbar med forebyggande helsearbeid i fylket Frivilligheita - regionledd og paraplyorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar i fylket
Påmeldingsfrist:
10. oktober 2023 23:00

Påmelding