Kommunebrevet 2026

Viser tre eksemplar av kommunebrevet som ligger oppå hverandre til venstre, og portrett av Else-May Botten til høyre.
Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Erik Birkeland / Tingh.

Kommunebrevet 2026 går til kommunane i Møre og Romsdal. I brevet informerer Statsforvaltaren om sentrale forventningar og oppdrag frå nasjonale myndigheiter.

Publisert 08.01.2026, Sist endra 08.01.2026

Les Kommunebrevet 2026

Kommunebrevet er skrive til politisk og administrativ leiing i kommunane, og til politiske utval og andre aktuelle medarbeidarar.

Nasjonale forventningar 

Brevet gir ei oversikt over oppgåver og satsingar i nasjonal politikk, og løfter opp forventningane til kommunane. FN sine berekraftsmål, samarbeid og omstilling, barn, unge og folkehelse er gjennomgåande perspektiv i brevet.

Målet er at brevet skal samordne, skape samarbeid og dialog - gjerne også over kommunegrenser.

Presentasjon

Vi lagar ein powerpoint-presentasjon som kommunane kan nytte i ulike møte der forventningane er tema: Presentasjon av Kommunebrevet 2026 (pptx)

Kommunane må gjerne fylle inn med eigne slides der de seier noko om korleis dykkar kommune vil møte forventningane.