Koronaviruset

Råd og informasjon om koronaviruset finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider og på helsenorge.no.

Sist endra 28.02.2022

Oppdaterte råd og informasjon

Både Folkehelseinstituttet og helsenorge.no har konkrete råd om koronaviruset. 

Regjeringa har samla viktig informasjon frå regjeringa og departementa, om tiltak og råd til befolkninga.

Her finn du også spørsmål og svar frå departementa og øvrige myndigheiter: https://www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/sporsmal-og-svar-om-koronasituasjonen/id2694028/ 

Utdanningsdirektoratets nettside finn du løpande informasjon om korona-viruset i forhold til barnehage og skule.

NAV informerer om kva som gjeld i din situasjon i samband med koronaviruset i sin korona-vegvisar.

Generell informasjon om korona-viruset på ulike språk finn du her.

Koronavaksinasjonsstatistikk (FHI)

På denne sida legg FHI ut oppdaterte vaksinasjonstal frå heile landet, samt fylkesvise oversikter. Vaksinasjonstala er henta ut frå SYSVAK og vert oppdatert på vekedagar ca. kl. 13. 

Kartinnsyn - koronapandemien

Kartet viser smittesituasjonen og status for vaksinering i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren

Statsforvaltaren er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Vi formidlar informasjon frå Helsedirektoratet til kommuneoverlegar, melder innspill og spørsmål frå kommunane tilbake til sentrale styresmakter, og legg til rette for samvirke mellom relevante aktører på regionalt nivå. 

Statsforvaltaren har fortløpande dialog med kommunane og helseforetaket om handteringa av situasjonen.  Det blir gjennomført regelmessige møte mellom Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet (FHI), helseforetaka, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og landets statsforvaltarar.  Der blir det gitt gjensidig informasjon om status og råd om tiltak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.