Ny bustadsosial lov frå 1. juli

Foto av dame med nøkler i en hånd, og et hus i den andre handa.
Kommunen må ta stilling til om personer som søkjer eller ber om bistand er vanskelegstilt på bustadsmarknaden Foto: Scanstockphoto.

Lova skal førebygge bustadsosiale utfordringar. Den skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden får bistand til å skaffe seg og behalde ein bustad.

Publisert 09.06.2023

Lova vidarefører og presiserer pliktene kommunane har i dag gjennom medverknadsansvaret i sosialtenestelova § 15 og helse- og omsorgstenestelova § 3-7.

Kommunen må vurdere bistand

Lova gir ikkje enkeltpersonar rett til bustad. Den presiserer at kommunen må ta stilling til om personar som søkjer eller ber om bistand er vanskelegstilt på bustadmarknaden.

Kommunen sin avgjersle om å gi eller avslå bistand er eit enkeltvedtak. Statsforvaltaren er klageinstans i desse sakene.

Kommunen skal ha oversikt over behov

Kommunane har plikt til å ha oversikt over behovet for både ordinære og tilpassa bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Denne oversikta skal inngå i grunnlaget for kommunane sin planstrategi.

For meir informasjon kan du sjå Husbanken sitt webinar om den nye lova.