Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane.

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse.  

Publisert 14.10.2025

Rapporten Arbeidet i og effekt av tilbodet i kommunale frisklivssentraler er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Rapporten konkluderer med at frisklivssentralane er eit kostnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar.

Dei kommunale frisklivssentralane når høgrisikogrupper og personar med samansette helseutfordringar. Frisklivssentralane har potensial til å styrke den helsefremmande og førebyggande innsatsen i kommunehelsetenesta, og Helsedirektoratet foreslår mellom anna å styrke frisklivssentralane.

Helsedirektør Cathrine M. Lofthus viser i nyheitsartikkel av 24.09. 2025 til at det er avgjerande at helse- og omsorgstenesta vert dreidd mot meir førebygging. Gjennom frisklivssentralane kan vi hjelpe deltakarane til å gjere endringar i levevanar som gir betre helse for den enkelte. På samfunnsnivå vil ei friskare befolkning gi store innsparingar i helsebudsjetta.  

For å oppnå ei berekraftig helse- og omsorgsteneste må helsetenesta endre arbeidsmåtar, og i større grad prioritere førebygging og tidleg innsats. For å få det til, vil det være nødvendig med tverrsektorielt samarbeid, og å nytte ulike verkemidlar både på individ-, teneste- og systemnivå.