Statsborgarseremoni 2025

Velkomen til statsborgarseremoni 2025 – ei høgtideleg markering av nye norske statsborgarar!

Publisert 12.06.2025

Blei du norsk statsborgar mellom 1. januar 2024 og 1. mars 2025? Då vil du snart få invitasjon til statsborgarseremoni. Dette er ei høgtideleg og minneverdig markering der vi feirar fellesskap, tilhøyrsle og demokratiske verdiar.

Kva er ei statsborgarseremoni?

Statsborgarseremonien er ei offisiell markering for deg som nyleg har fått norsk statsborgarskap. Seremonien blir arrangert av Statsforvaltaren og inneheld talar, kulturelle innslag og så seier vi høgt i lag truskapsløftet til Noreg. Seremonien er ei fin anledning til å feire ditt nye norske statsborgarskap i lag med familie og andre nye statsborgarar.

Kven kan delta?

Du som har fått innvilga norsk statsborgarskap mellom 1. januar 2024 og 1. mars 2025, og er over 12 år, vil få invitasjon til å delta på seremonien. Berre inviterte gjester får delta. Deltakinga er frivillig og gratis. Du som er invitert kan ta med deg inntil to gjester.

Når og kor?

Statsborgarseremonien i år blir halden på Scandic Seilet hotell i Molde, søndag 24. august. Dersom du ikkje kan komme til Molde, er det mogleg å delta digitalt.

Invitasjon og påmelding

Invitasjonar blir sende ut i løpet av juni. I invitasjonen finn du informasjon om korleis du melder deg på. Vi anbefaler deg å svare så snart som mogleg etter at du har fått invitasjonen.

Vi gler oss til å ønske deg velkomen!

 

Kontaktpersonar

Det første møte med Norge