Statsborgarseremoniar

Oppdatert 22.03.2022

Er du ny norsk statsborgar? Statsforvaltaren inviterer alle nye statsborgarar som har fylt 12 år, til statsborgarseremoni. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkomne og markere at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Seremonien er ein festdag, og du avgjer sjølv om du vil delta eller ikkje.

På grunn av pandemien har det diverre vore vanskeleg å invitere til seremoni med fysisk oppmøte dei siste to åra. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 17.08.2021

Digital statsborgarseremoni 2021

Også i 2021 vert statsborgarseremonien i Møre og Romsdal digital. Seremonien vart tatt opp i fjor, og er noko redigert. Statsforvaltaren kjem med ei helsing til deg som fekk statsborgarskap i 2020 før seremonien startar.  


Publisert 05.10.2020

Digital statsborgarseremoni 2020

2020 vart året der Covid-19 tvang oss til å gjere ting annleis. Sjølv om det ikkje var mogleg å samle alle dei nye statsborgarane fysisk til seremoni, ønska vi også i år å feire dei. Løysinga vart å lage ei digital sending og gjere den tilgjengeleg digitalt.


Publisert 08.05.2020

Avlysing av statsborgararrangement 2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer 1-2 statsborgarseremoniar for nye norske statsborgarar kvart år. For 2020 må vi dessverre avlyse arrangementa.


Publisert 01.04.2019

110 nye statsborgarar deltek på seremonien laurdag 6. april 2019

Seremonien er ei høgtideleg markering av ein viktig overgang i livet. I år held vi ein felles seremoni for fylket i Ålesund.


Publisert 19.02.2019

Dato endra for statsborgarseremoni 2019

Etter at vi har mottatt registeret over nye norske statsborgarar, viser det seg at det blei ein del færre nye i 2018.


Publisert 24.06.2018

Høytideleg markering for nye statsborgarar

480 personar deltok i laurdagens statsborgarseremoni. Solskinn frå blå himmel skapte perfekte rammer for dagen.


Publisert 07.06.2018

Laurdag 9. juni vert det statsborgarseremoni i Molde

Til statsborgarseremonien førstkomande laurdag er det påmeldt 143 statsborgarar som kjem frå 17 kommunar i Møre og Romsdal.


Publisert 17.04.2018

125 nye statsborgarar deltok på seremonien i Ulsteinvik

I Ulsteinvik møtte det laurdag 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien. Det var ekstra kjekt at desse kom frå alle dei 17 kommunane på Sunnmøre.


Publisert 15.05.2017

Statsborgarseremoni i Molde 20. mai

96 av 218 nye statsborgarar har takka ja til å delta på statsborgarseremonien førstkomande laurdag.  Seremonien går føre seg i Bjørnsonsalen ved Scandic Seilet Hotel.


Publisert 23.04.2017

112 nye statsborgarar feiret i Ulsteinvik

112 nye statsborgere ble feiret i en høytidelig seremoni på Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik lørdag 22. april.