– De er med og formar det Noreg som skal vere i morgon!

Rundt 300 personar står og syng «Ja, vi elsker dette landet». Nokre held handa på bringa. 100 av dei som syng er heilt nye norske statsborgarar.
I 2024 fekk vi 665 nye statsborgarar i Møre og Romsdal. Dei kom til Norge frå 85 ulike land. Dei nye statsborgarane vart feira i Molde søndag 24. august. Dei blei ønska hjarteleg velkommen inn i det norske fellesskapet.
Stolt av å vere norske
Tre venninner frå Hustadvika står føre fotoveggen inn til festsalen.

– Vi har gått på norskkurs saman, og no skal vi feire at vi er nye norske statsborgarar, fortel Sovannary Heng, Sukanya Petmug og Jona Gjerde.
Dei tre damene kjem frå Kambodsja, Thailand og Filippinene. I dag har dei med familien for å feire i lag med familie.
– Vi er stolt av å vere norske, seier Sukanya, og legg til at ho og venene arbeider og går på skole, og tar del i det norske samfunnet.
Fin måte å ønske velkommen på
Ordførar i Ålesund, Håkon Lykkebø Strand, har tatt turen til Molde i lag med mange nye norske statsborgarar som bur i kommunen.
– Dette er veldig hyggeleg. Statsborgarseremonien er ein fin måte å vise nye norske borgarar at dei er velkommen.
Ordføraren blir plassert på langbord midt blant dei nye borgarane i eiga kommune. Han tek runden rundt bordet, og helsar på alle.
– Det er kjekt for meg å helse på desse! Alle har dei ulik kunnskap og kompetanse som vi er glad for at dei vil bidra med inn i Ålesund.
Takknemleg for Norge

Ei av dei ordførar Håkon Lykkebø Strand helsar på er Kristen Caruli. Ho kjem frå USA og har budd ni år i Noreg. Ho har med seg sønnen Robert (4) på seremonien. Han er fødd her i landet.
– Eg kom til Noreg for å arbeide på den internasjonale skolen i Ålesund. No arbeider eg i ein barnehage. Eg ønsker å bli betre i norsk. Robert er betre enn meg, smilar ho.
Caruli er takknemlig for åra i Noreg.
– Eg elskar naturen i Noreg, og vil dele mine talent med landet, seier ho.
Høgtideleg og glad
Sjølve seremonien er høgtideleg og glad.

Her er musikk, underhaldning og song av Bård Watn. Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste og ordførar Turid Humlen frå Sula taler.
Dei to løftar begge opp viktigheita av å delta i samfunnet og bruke stemmeretten.
– Bruk stemmeretten din, oppmodar dei.
Humlen slår eit slag for det norske fenomenet «dugnad».
– Ved å løfte i flokk med dugnad får vi ikkje betaling i kroner og øre. Men vi kan bidra til eit betre samfunn, vi kan møte vener og bli ein del av eit fellesskap. Dugnad kan gi deg venner for livet, seier ho og oppmodar alle til å engasjere seg i noko dei likar eller brenn for.
Også Rigmor Brøste oppmodar til engasjement. Ho siterer Herborg Kråkevik, som har sagt «Det norske er ikke bare det som har vært, men også det som kommer».
– De er ein del av det som kjem. De er med på å forme det Noreg vi skal vere i morgon, seier ho.
Lovar truskap
Så går alle nye borgarar opp på podiet, kommunevis. Dei får rose og bok, og blir fotografert.
Deretter må alle reise seg å seie truskapsløftet til Noreg;
«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»
Til slutt er det nasjonalsongen sin tur. Alle syng med.
Seremonien er over, men festen tar til. Salen er full av smil, og av kake, kaffi, is og brus.