Skoleleiarkonferansen 2023

23.-24. mars vert Skolelederkonferansen 2023 arrangert som "lunsj til lunsj-konferanse" på Alexandra hotell i Molde.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2023

Årets konferansetema er tillit. Dyktige leiarar må både ha og gi tillit. I eit samfunn i rask og kontinuerleg endring ser vi medverknad, samarbeid og partnarskap som viktige premiss. Tillit på alle nivå er avgjerande i eit slikt perspektiv. Regjeringa løfta i Hurdalsplattforma ei tillitsreform der målet er meir velferd og betre tenester. Kva betyr dette, og korleis skal vi kunne medverke? På konferansen blir tillitsomgrepet belyst frå ulike perspektiv. Vidare vil du som deltakar få høve til å bygge nettverk, finne inspirasjon og ny kunnskap, og reflektere og diskutere saman med andre leiarar.

Skoleleiarkonferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, KS og Skolelederforbundet. Høgskulen i Volda har gjennomføringsansvaret i 2023.

Du kan lese meir om konferansen og melde deg på her: https://www.hivolda.no/skolelederkonferansen2023