Ny versjon av ståstadsanalysen for skulen

Det har no kome ein ny versjon av ståsstadanalysen for skule der det mellom anna er lagt til ein ekstra fase med tips til skuleleiar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2021

Skulane skal jamleg utføre skulebasert vurdering der ein reflekterer over korleis skulen sin praksis bidreg til at elevane når måla i læreplanane og kva for endringar som kan bidra til høgare måloppnåing.

Målet med skulebasert vurdering er å auke læringsutbyttet og betre læringsmiljøet

Ståstadanalysen er eit hjelpemiddel som skal gjere det enklare for skulane å reflektere over samanhengen mellom eigen praksis og resultata til elevane. Han er delt inn i tre fasar:

  • Samle informasjon om skulen
  • Vurdere eigen praksis ved å ta stilling til ei rekke påstandar og drøfte det som kjem fram
  • Gjere ei samla vurdering av styrker og utfordringar og bli einige om prioriterte mål og tiltak

Ein kan og laste ned ein rapport med informasjon frå dei tre fasane.

Nytt i siste versjon

I den nye versjonen av ståstadanalysen lagt til ein ekstra fase med tips til skuleleiar i planlegging av prosessen. Denne versjonen gjev og skuleeigar tilgang til den endelege rapporten.

Du finn meir informasjon om ståstadanalysen på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.