Ny opplæringslov skal gjere fleire unge klare for arbeidslivet

– Alle skal få rett til å få opplæring heilt til dei har fullført vidaregåande, fleire moglegheiter til å ombestemme seg, og dei skal bli enda tettare følgd opp undervegs, seier kunnskapsminister Tonje Brenna om regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.03.2023

Brenna seier at det nye lovforslaget tar viktige grep som gir folk betre rettigheiter og meir fleksibilitet til å finne vegen inn i arbeidslivet.

Opplæringslova regulerer skolekvardagen til 820.000 barn og unge og er ein av landets viktigaste lover. I den nye loven foreslår regjeringa ei rekke nye reglar, som mellom anna skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande og oppnår studie- eller yrkeskompetanse.

Hovudpunkt frå lovforslaget

Forslag til nye reglar som gjeld vidaregåande opplæring:

  • Rett til å ta vidaregåande opplæring til du fullfører. Om du stryk i eitt eller fleire fag på vidaregåande, eller avbryt undervegs, har du rett til opplæring heilt til du har fullført vidaregåande. Ungdom har i dag som utgangspunkt berre rett til tre års opplæring.

  • Rett til å velje vidaregåande opplæring på nytt så mange gonger du vil fram til søknadsfristen det året du fyller 19 år. I dag har du berre rett til eitt omval.

  • Rett til å ta eit nytt fagbrev, sjølv om du har eitt frå før, eller du har fullført med studiekompetanse. I dag har du berre rett til å ta eitt fagbrev, og du har ikkje rett til å begynne på yrkesfag om du har tatt studieforberedande.

  • Lovfeste at skolane skal følge opp elever som har fråvær. Plikta skal bidra til å førebygge fråvær og hindre at fråværet blir for høgt for den enkelte eleven. Også i dag skal skolane følge opp elever med fråvær, men dette står ikkje eksplisitt i lova. Lovfesting bidrar til at denne plikta vert tydeleggjort.

  • Lovfeste at fylkeskommunen skal sørge for at elever får ein trygg og god overgang frå grunnskolen til vidaregåande opplæring. I dag er det slike regler for overgangen frå barnehage til grunnskole, men ikkje i overgangen frå grunnskole til vidaregåande.

  • Lovfeste at fylkeskommunen skal ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande for elever som manglar faglege forutsetningar eller språklege forutsetningar, for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Eitt eksempel på eit slikt opplæringstilbod er kombinasjonsklasser, kor den enkelte får grunnskoleopplæring kombinert med fag på vidaregåande nivå.  

  • Lovfeste at fylkeskommunen skal sørge for at dei som har læretid i bedrift får tilgang til rådgiving om utdanning og yrkesval, og råd om sosiale og personlege forhold.

  • Utvide oppfølgingstenestas målgruppe, ved at tenesta skal følge opp unge heilt opp til 24 år, og ikkje berre opp til 21 år slik som i dag. Dette betyr at fleire unge som har falt utanfor skole og arbeid vil kunne bli hjelpa inn i kompetansefremmande tiltak som kan gjere den enkelte kvalifisert for arbeidslivet.

Les meir om andre forslag i ny opplæringslov