Anonymitet i samband med finansiering av skoleturar

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har fått spørsmål frå ein kommune som handlar om anonymitet knytt til frivillige økonomiske gåver som finansiering av skoleturar. Kommunen viser til at det er ei utfordring å ta vare på anonymiteten når føresette bidrar med frivillige økonomiske gåver.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.01.2023

Ein del skolar har foreldregrupper som står for bestilling og det økonomiske ved skoleturane. Kommunen spør om skolane kan delegere det økonomiske til dei føresette, samtidig som gratisprinsippet vert tatt i vare etter intensjonen. -Kva betyr anonymitet i denne samanhengen? spør kommunen.

Etter å ha vurdert denne problemstillinga og vore i kontakt med Utdanningsdirektoratet gir vi følgande svar:

Gratisprinsippet i grunnskolen er regulert i opplæringslova (oppl.) § 2-15.

«Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.»

Skolen og kommunen kan heller ikkje krevje eigenbetaling for aktivitetar som er ein del av opplæringa, men som går føre seg utanfor skoletida. Viss skolen arrangerer turar som ein del av opplæringa, skal desse vere gratis for elevar og foreldre.

Gratisprinsippet set eit forbod mot å krevje betaling. Skolen kan i utgangspunktet få gåver frå foreldre, elevar eller andre. Den typiske foreldregåva vil vere økonomiske tilskot til klassekassa. Det er krav om at gåvene må vere reelt frivillige og anonyme. Det betyr at dersom foreldre gir pengar til klassekassa, må dei oppleve at dei gjer det heilt frivillig, utan å kjenne eit press til å gi. Det strir til dømes mot gratisprinsippet når foreldre får valet mellom enten å betale, eller å la barnet sitt få eit anna tilbod medan dei andre elevane dreg på ein tur. Ved at gåvene vert gitt  anonymt, blir det ikkje synleggjort kven som eventuelt ikkje gir, og dermed vil det ikkje vere noko press på dei som ikkje har moglegheit eller ikkje ønskjer å bidra med gåve. Det vil naturlegvis vere nokon som kjenner til kven som har gitt gåva. Typisk vil personen som har ansvaret for klassekassa kjenne til kva foreldre som har gitt pengar. Dette er ikkje i strid med gratisprinsippet, så lenge informasjonen om givarane stoppar der, og ikkje blir spreidd vidare. Dette vil gjelde uavhengig av om det er ein frå skolen eller om det er ein av foreldra som administrerer klassekassa eller det økonomiske i samband med ein klassetur.

Dersom det er ein av foreldra som til dømes administrer klassekassa, og denne blir brukt til å ta i mot eventuelle gåver frå foreldre i samband med ein klassetur, har skolen framleis det overordna ansvaret med å sjå til at gratisprinsippet blir overhalde.

Eventuelle gåver som blir gitt, skal gå til alle dei aktuelle elevane, og ein forelder som gir ei gåve kan derfor ikkje bestemme at gåva berre skal gå til sitt eige barn. Alle skal få delta på alle aktivitetar, uavhengig av om elevane sjølve eller foreldra bidreg med gåve eller ikkje.