Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23.59
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23.59

Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg og deira pårørande. Det skal også bidra til å bygge opp kompetanse i kommunane.

Publisert 04.01.2024

Tilskotet skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på. 

Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema og rapporteringsskjema til Statsforvaltaren i Vestland, som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Vi oppfordrar kommunar til å søkje råd og rettleiing hos Regionale kompetansesenteret for lindrande behandling eller Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester når de utformar prosjekt og søknad.

Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentera for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 24. mai 2024.

Ved interkommunale tiltak eller prosjekt må ein einskild kommune stå som formell søkjar. Ved interkommunale tiltak eller prosjekt bør de legge ved samarbeidsavtale i søknaden. 

Du finn søknadsskjema og rapporteringsskjema under «Dokument». 

Rapporteringsfrist for tilskot motteke i 2023, er 1. mars 2024. 

Du finn regelverk og meir informasjon om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet. 

Digitalt møte om tilskotsordningar

Vi arrangerer eit digitalt møte om tilskotsordningane vi forvaltar på helse-, sosial- og barnevernsfeltet, 18. januar. Sjå program og meld deg på via denne lenkja: Digitalt møte om tilskot på helse-, sosial- og barnevernsfeltet

Søknadsfrist:
1. mars 2024 23.59
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23.59