Tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling og omsorg

Søknadsfrist:
1. mars 2023 23.59
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23.59

Tilskotet skal styrke kvaliteten i tilbodet til pasientar som treng lindrande behandling og omsorg og deira pårørande, og for å bidra til kompetanseoppbygging i kommunane.

Publisert 17.01.2023

Det skal også bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak og bidra til at pårørande blir teke vare på. 

Kommunar som søker i Vestland og Rogaland skal sende søknadsskjema og rapporteringsskjema til Statsforvaltaren i Vestland, som vedlegg i e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Du kan også kontakte Regionalt kompetansesenter i lindrande behandling (KLB) eller Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i fylket for råd og rettleiing.  

Tilskotet blir forvalta i eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentrene for lindrande behandling og Statsforvaltaren. Søknader blir handsama innan 26. mai 2023.

Ved interkommunale tiltak/prosjekt må ein einskild kommune stå som formell søkjar. Ved interkommunale tiltak/prosjekt bør samarbeidsavtale leggast ved søknaden.

Søknadsskjema, rapporteringsskjema og meir informasjon om tilskotet finn du under «Dokument» og «Lenkjer».

Les meir om tilskotet på nettsida til Helsedirektoratet. 

Søknadsfrist:
1. mars 2023 23.59
Målgruppe:
Leiarar og tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er pasientar som treng lindrande behandling og omsorg ved livets slutt, og deira pårørande
Ansvarlig:
Statsforvaltaren i Vestland
Hvem kan søke:
Kommunar i Vestland og Rogaland
Rapporteringsfrist:
1. mars 2024 23.59