Omfattande tiltak i heile landet for å hindre spreiing av Covid-19

Helsedirektoratet har vedteke å stenge barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar frå torsdag 12. mars kl. 18.00. Ei rekkje andre tiltak som vil påverke heile samfunnet vårt blir òg innført.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.03.2020

Her kan du lese meir om tiltaka som blir innført frå kl. 18.00 torsdag 12. mars. Tiltaka vil gjelde til og med torsdag 26. mars kl. 24.00, men kan bli forlenga. Reiserestriksjonar for helsepersonell gjeld ut april 2020.

Alle barnehagar, skular og utdanningsinstitusjonar blir stengt

Det er viktig å oppretthalde helse- og omsorgstenesta og andre kritiske samfunnsfunksjonar. Difor pålegg Helsedirektoratet kommunane å syte for å gi eit tilbod til born av foreldre som jobbar i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller innan andre kritiske samfunnsfunksjonar. Det same gjeld for born med særlege omsorgsbehov som ikkje kan takast i vare når barnehage, skule eller dagtilbod er stengt. Direktoratet peiker òg på at personar i risikogrupper ikkje må bli brukt til barnevakt.

Forbod mot kultur- og idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet

Helsedirektoratet har vedteke forbod mot:

  • Kulturarrangement
  • Idrettsarrangement og organisert idrettsaktivitet både innandørs og utandørs

Stenging av verksemder i serveringsbransjen, treningssenter, velværeverksemd og svømmehallar m.m.

Stenginga gjeld for:

  • Alle verksemder i serveringsbransjen.
    • Unntak: serveringsstader der det blir servert mat; dvs. kantiner og spisestader som kan legge til rette for at besøkande kan halde minst 1 meters avstand.
      Servering av mat skal ikkje skje som buffet. Serveringsbransjen omfattar restaurant, bar, pub og uteliv.
  • Treningssenter
  • Verksemder som tilbyr frisørtenester, hudpleie, massasje og kroppspleie, tatovering, holtaking (piercing) og liknande.
  • Symjehallar, badeland og liknande

Daglegvarebutikkar vil halde ope som vanleg.

Det er ikkje naudsynt å hamstre matvarer.

Forbod mot utanlandsreiser for helsepersonell som jobbar med pasientbehandling

Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, og gjeld frå torsdag 12. mars kl. 18 og førebels ut april 2020. Kostnader vil bli kompensert.

Reiser

Helsedirektoratet ønskjer at innanlandstransport skal gå mest mogleg som normalt, men oppmodar sterkt alle til å unngå alle reiser som ikkje er strengt nødvendige både innanlands og utanlands. 

Unngå:

  • Offentleg transport, om mogleg
  • Andre stader der du lett kjem nær andre
  • Nærkontakt med andre

Reisande frå land utanfor Norden skal i heimekarantene

Alle som kjem frå reiser utanfor Norden skal i heimekarantene i 14 dagar. Det gjeld uavhengig om ein har symptom eller ikkje. Dette påbodet har tilbakeverkande kraft. 

Kollektivreiser og jobbe heime       

Kollektivtransporttilbodet blir opprettheldt for at folk med kritiske samfunnsfunksjonar skal kome seg til og frå jobb, og kunne halde avstand til kvarandre.

Tilgangskontroll på helseinstitusjonar

Helsedirektoratet oppmodar om at ein ikkje besøker personar i institusjonar med sårbare grupper (eldre, psykiatri, fengsel osb).

Det blir innført restriksjonar for besøkande til alle helseinstitusjonar i landet og tilgangskontroll for å sikre smittevern for pasientar i alle helseinstitusjonar.

Personar med risiko for å vere smitta skal bli avvist frå alle landets helseinstitusjonar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.